Faren for "elitens kretsløp"

Nasjonalt råd for lærarutdanning fokuserer berre på problema, ikkje på moglegheitane, meiner forfattaren av dette debattinnlegget.

Kristin Clemet har all ære av KUF sin invitasjon til høyring om "Organisering av lærarutdanningane". Ordna som ein del relativt konkrete spørsmål fangar høyringsinvitasjonen opp dei fleste overordna problemstillingane som gjeld lærarutdanning.

Det er mange forhold ved lærarutdanninga som er problematiske, og som bør belysast best mogleg når høvet byr seg. Eitt av desse er praksis, nærmare bestemt forholdet mellom teori og praksis  i allmennlærarutdanninga. Det har vore eit problemfelt i alle år. Dette blir tatt slik opp i spørsmål 3 i høyringsinvitasjonen: "Bør en større del av grunnutdanningen av lærere være en opplæring som skjer i en selvstendig og reell yrkessituasjon (praksisår) med veiledning fra skoleeier og utdanningsinstitusjon?"

I artikkelen "Praksisår i lærarutdanninga" (i Norsk Skoleblad og i Norsk pedagogisk tidsskrift nr. 6/2000) drøfta eg nokre sider ved dette spørsmålet, og konkluderte med eit ja. I og med høyringa om lærarutdanning har eg sett fram til ei brei og allsidig drøfting av dette ved lærarutdanningsinstitusjonane.

Derfor er det med stor undring eg les Nasjonalt råd for lærarutdanning (NRLU) sitt "Utkast til uttale frå NRLU" (04.01.02). Her er det så visst inga open holdning, men ei kategorisk avvisning, med einsidig argumentasjon, nesten aggressiv i tonen.

Første del av svaret: "Nei. NRLU har ikkje tru på at ein slik meister-svein tankegang vil gi betre lærarutdanning. Vi ser det som uheldig å utvikle ei ordning der "mesteren" skal vere vegleiar, kollega, eksaminator og kanskje arbeidsgjevar for "sveinen" som - i tillegg til å vere kollega og novise - skal vere i ein konstant opplæringssituasjon, der sjansen for stryk og ikkje fullført lærarutdanning reelt er til stade i arbeidssituasjonen."

Det er fare for at ei slik fråsegn frå eit autoritativt organ lukkar debatten om dette spørsmålet på ein uheldig måte.  Her er det nemleg berre éi side ved problematikken som blir tatt opp; kontroll- og kompetansedimensjonen. Og den blir feilaktig framstilt som om utvida praksis, med studenten som lærling i ein reell yrkessituasjon, skulle medføra heilt nye problem.
Realiteten er at lærarstudentens øvingslærar i alle år har vore nettopp "vegleiar, kollega og eksaminator", i betydningen ein som vurderer dugleiken til sin kollega/studenten. Kollegialiteten har vore reell, om ikkje formell.

Eitt av problema med lærarutdanninga er etter mi meining nettopp at øvingslæraren altfor fort kan koma til å solidarisera seg med sin nye  "kollega", iblant i motsetnad til høgskulen sitt fagpersonale. Likevel har "sjansen for stryk" vore til stades. Det er ikkje noko nytt som vil følgja med utvida praksis. Så lærlingsituasjonens rolleproblem kunne kanskje la seg løysa? Det burde ikkje vera prinsipielt vanskelegare ved lærarutdanninga enn i andre utdanningar der eleven/studenten er i lære.

Sjølvsagt medfører kompetansespørsmålet problem. Det som er betenkeleg er at NRLU her gjer dette til det saka dreiar seg om. Saka burde då i mykje høgare grad dreia seg om læringsdimensjonen. Det er den dei som har engasjert seg i dette har vore opptatt av: Korleis kan ein best få lærarstudentane til å tileigna seg dei kunnskapane dei bør ha som lærarar?

Og då er det altså somme som har meint at det gamle ordet om at "ein lærer så lenge ein har elevar" også kan gjelda for komande lærarar. La lærarstudenten sjølv finna ut, gjennom sine samfunnsfagtimar i 7. klasse, om og i kva grad samfunnskunnskapane treng styrking. Ved sjølv å undervisa oppdagar ein kanskje behovet for fagkunnskapar, noko urovekkande mange lærarstudentar i seinare år ikkje har oppdaga gjennom høgskulens meir tradisjonelle undervisning, der dei sjølve sit som, skuletrøytte, elevar.

Det er denne siste problematikken Alfred Oftedal Telhaug ikkje synest å ta i betraktning i sin debattartikkel i Utdanning nr. 2, der han kallar fokus på læringa for "villfarelser". "Hvor er logikken i ønsket om at undervisning skal erstattes av læring?" spør han. Telhaugs presise  definisjon av læring som "den psykiske endring som skjer i eleven" er god, men den motsetnaden han postulerer mellom læring og undervisning, håpar eg er berre polemisk.

Til den er mitt svar: Me lærer for vår eigen del. Mon me ikkje også i høg grad underviser for vår eigen del? Undervisning er åndselitens kretsløp i skuleverket (godt illustrert i Knut Imerslunds kronikk i same nummer av Utdanning), eit kretsløp som blir ingenting anna enn ei bakevje av "kulturarv" og "nasjonale tradisjoner" (L 97) dersom det ikkje fører til ein straum av læring, som kan bera dei mange vidare fram.  Undervisning er overhusets sjølvbevaring, læring er eit demokratiprosjekt.

Vidare i fråsegna si seier NRLU at lærarutdanninga skal "kvalifisere studenten til å ha eit kritisk blikk på eigen og andres verksemd i yrkesfeltet og sørgje for at studenten tileignar seg utviklings- og endringskompetanse". Ei ordning med praksisår, blir det hevda, kan "lett stå i motstrid" til dette målet. Det er altså høgskulens personale som skal fortelja studenten kor skolen trykkjer?

Aktivitetspedagogikken, å læra ved å gjera jobben, som i høg grad har slått gjennom i arbeidslivet og til dels elles i skuleverket, har altså ikkje relevans for lærarutdanninga? Slik kan NRLU (og Telhaug) oppfattast. Det dei uttrykkjer, er nok, dessverre, representativt for meininga til den kompakte majoritet ved lærarutdanningsinstitusjonane. Ei reell omorganisering av lærarstudiet, der meir av læringa, og ansvaret, blir overført til grunnskulen, blir avvist, ikkje drøfta seriøst.

Korfor? Eg er redd for at lærarutdanningsinstitusjonane sin holdning i dette spørsmålet ikkje berre er pedagogisk motivert, men at gamle laugsinteresser ligg på lur - elitens kretsløp. Det gjeld å forsvara sitt revir, ikkje la lågare stender overta hegemoniet. Då utdanninga av barnehagelærarar for ein del år sidan blei integrert i lærarutdanningsinstitusjonane, skjedde det somme stader under til dels intens motstand frå dei siste. Det blei oppfatta som ei degradering å undervisa for lågare skuleslag. I dag kan det vera at for mykje samrøre med grunnskulen verkar trugande. Det kan synast som statustap.

Men med fråsegna si fokuserer Nasjonalt råd for lærarutdanning berre på problema, kontroll og kompetanse, ikkje på moglegheitane. Er det rart lærarutdanninga er i vanskar?

Powered by Labrador CMS