Utdanningsforbundet legg heile skulda på Israel

Ein lærarorganisasjon bør halda seg unna vanskelege utanrikspolitiske spørsmål, meiner innsendaren av dette debattinnlegget.

Eg vil med dette melda meg ut av Utdanningsforbundet. Ein lærarorganisasjon der sentralstyret uttaler seg heilt einsidig i eit vanskeleg utanrikspolitisk spørsmål, tener ikkje interessene til medlemmane. I konflikten i Midtausten legg Utdanningsforbundet heile skulda på Israel. Ikkje med eit einaste ord krev dei at palestinarane må stoppa sjølvmordsbombarane, ikkje med eit einaste ord krev dei at all antisemittisme og antisionisme må fjernast frå lærebøkene, ikkje eit einaste ord vert sagt om ansvaret til skulen og lærarane når det gjeld bruk av barn i krig.
 
Slik underteikna ser det, bør ein lærarorganisasjon halda seg unna vanskelege utanrikspolitiske spørsmål. Ein bør konsentrera seg om det fagpolitiske og pedagogiske området som undervisningsmetodar, løn, arbeidstid, o.l.
  

Powered by Labrador CMS