Lønsauke, meirarbeid og utbrendheit

Ulla Nilsen sender eit varsku om dystre framtidsutsikter for norsk skule. Ho gjer rapport fra livet sitt i svensk skule, som meir liknar kvardagen i ei privat bedrift.

Eg hadde lista meg ut klokka kvart over tre om ettermiddagen, med dårleg samvit. Elevane hadde nettopp slutta og eg tenkte at eg skulle heim og ete før eg drog tilbake til skulen for å lage ei tyskprøve til 9. klasse. Då eg kom att ved halvfemtida, hadde eg vore innom butikken

og handla ei plate sjokolade. Slikt plar kollegaer setje pris på. Eller som ein ven og kollega av meg i Noreg sa: Spandér eit wienerbrød på ein lærar, og du har ein ven for livet! Eg hadde rekna med at det i alle fall sat eit par stakkarar der som ikkje hadde vore heime og ete. Men eg tok sørgjeleg feil.

Det var heile sju lærarar på jobb, forutan ein områderektor og rådgjevaren vår. No vert det gjerne slik når ein møtest så mange at stemmninga vert rett munter. Det er snart gjort at ein snakkar om både det eine og det andre, og det som ein kom for å gjere, tek litt lenger tid. Alle som er der, skal jo heller ikkje lage tyskprøver.Dei fleste er der for å skrive nokre ord om dei elevane dei har, noko som skal liggje til grunn for den samtalen som klassestyraren, mentoren, har med sine 15 elevar. Desse samtalane kallast utväcklingssamtal i Sverige. I Noreg kallar vi dei konferansetimar. Men i motsetnad til i Noreg kan dei her ofte vare ein heil time. Slikt tek tid, sjølv om du berre har 15 elevar. Så for å kome igjennom alle familiane, er det vanleg å bruke inntil tre veker. Den fjerde veka har du brukt forut for dei tre vekene til nettopp å skrive desse underlaga. Og er du så uheldig at du har ein eller fleire elevar som ikkje når måla i faget, må du i tillegg skrive eit tiltaksprogram der det står kva eleven bør gjere for å klare måla neste gong. Mest alvorleg er dette sjølvsagt i 9. klasse - siste året i svensk ungdomsskule. Ein elev som ikkje har godkänd i faga svensk, engelsk eller matematikk, kjem ikkje inn på vidaregåande skule, gymnasiet. Dette gjeld over 20 prosent her i landet. Dei må bruke endå eit år på å prøve å verte godkjende.

Nokre av dei andre lærarane som er her no, er her fordi dei alt har begynt med konferansetimane. Få sit her for å førebu seg eller lage prøver slik som eg.. For dei fleste kjem førebuinga i tillegg. Eg har kollegaer som arbeidar 50-60 timar i veka. Ei av dei har tre klassar i svensk og tre i samfunnsfag! I tillegg har ho eit par meir uforpliktande timar. Overtid er eit ukjent omgrep - i praksis også i norsk skule. Innstillinga er i tillegg annleis her, meir som i ei privat bedrift. Det vert ein livsstil å vere på jobb. Du får dårleg samvit dersom du må bryte opp. Men så vert svenske lærarar også utbrende. Eg spurde ein ung kollega korleis ho skulle klare dette racet når ho fekk ungar. "Ja, det går ikkje," svara ho. "Før det må eg ha funne meg ein annan jobb." Som kjent er det det mange svenske lærarar gjer for tida, dei som er unge nok og har pågangsmot.

Ein må heller ikkje tru at dette er eit eingongsfenomen .Slikt overarbeid har gått føre seg  i bolkar gjennom heile hausten i fjor. Eg har forstått at desse urimelege tilhøva oppstod då lærarane for nokre år sidan fekk ein real lønsauke. Eg er redd det same kan skje i Noreg. Det er ikkje gitt nokon å klare slike arbeidstilhøve utan å verte utbrende. No må den nye fagforeininga vår i Noreg verne om helsa til medlemane  sine! Elles er eg redd norsk skule kan verte tømd for lærarar fortare enn ein trur.

Då eg gjekk heim kvart over seks den kvelden, sat rådgjevaren enno der. Hun fekk den siste sjokoladebiten.             

Powered by Labrador CMS