Ledig stilling:

Lærarjobb i vakre omgivelsar på fjellet!

Søknadsfrist: 05.04.2021

Fjellgardane skule og Bykle barne- og ungdomskule, Hovden og Bykle i Setesdal

Vi gir rekrutteringstillegg på kr. 40 000 pr. år i 3 år for deg som har godkjent utdanning. Fjellgardane skule ligg på Hovden i Setesdal og er ein 1-7 skule og har om lag 50 elevar. Bykle barne- og ungdomsskule ligg i kyrkjebygda i Bykle og er ein 1-10 skule og har om lag 60 elevar.Bykle kommune har gode skular og ønskjer seg lærarar som kan vere med å gjere sitt til at vi blir endå betre. Skulane er godt utstyrte, inkludert svært gode digitale verktøy, for både lærarar og elevar. Det er gode uteområde med mulegheit for uteundervisning. Klassestorleiken er slik at uteaktivitetar er muleg. Skuleutvikling og gode læringsmiljø er viktige for oss. Dette ønskjer vi at lærarane våre skal engasjere seg. Lærardekninga er god og du vil møte dyktige lærarkollegaer.

Det er ledig opp til 3 vikariatar i 100 % stilling for skuleåret 2020/2022, det kan også bli ledig ein 100 % fast stilling.

Fakta om stillingen:

Søknadsfrist: 05.04.2021

Arbeidsgivar: Bykle kommune

Sted: Hovden i Setesdal

Stillingstittel: Lærar

Heltid / Deltid: Heltid

Ansettelsesform: Vikariat / Fast

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og leie elevane si læring
  • Analysere og følgje opp elevane si læring
  • Sørgje for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane
  • Vere aktiv i eit lærande fellesskap på skulen og i samarbeid med andre

Kvalifikasjonar

  • Formell utdanning som kvalifiserer for tilsetting og undervisning i grunnskulen
  • Samla må dei tilsette ved skulen kunne dekke flest mulege fag, norsk og matematikk er særleg aktuelt
  • Den eine stillinga må dekke norsk på ungdomsskulen
  • Må kunne bruke digitale læremiddel i undervisninga
  • God norskkunnskap, skriftleg og munnleg
  • Søkjarane må spesifisere fagkompetanse og oppgi studiepoeng for kvart fag i CV.

Personlege eigenskapar

  • Initiativrik, gode samarbeidsevner og kan jobbe sjølvstendig og strukturert.
  • Løysingsorientert, fleksibel og beslutningsdyktig
  • Lagspelar som er engasjert og motivert

Vi legg vekt på at du må vere personleg eigna.

Vi tilbyr

  • Løn etter kompetanse
  • Rekrutteringstillegg på kr. 40 000 per år i 3 år for den som har godkjent utdanning
  • Oppfølging av mentor for nyutdanna
  • Gode pensjons- og forsikringsordingar
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • Bedriftsleilighet i Kristiansand

Utlysninga gjeld også andre undervisningsstillingar som kan bli ledige.

Det vert kravd politiattest for tilsetting i stillinga.Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju. Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.

Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar.

Adresse: Skulevegen 41, 4755 Hovden i Setesdal, Norge

Kontaktinformasjon

Rønnaug Torvik, Tenesteleiar Bykle barne- og ungdomskule
Telefon: 48 89 43 17
E-post: ronnaug.torvik@bykle.kommune.no

Vegard Portaasen, Tenesteleiar Fjellgardane skule
Telefon: 95 97 72 42
E-post: vegard.portaasen@bykle.kommune.no

Du kjem til elektronisk søknad ved å trykke her.

Søknadsfrist: 05.04.2021

Arbeidsgivar: Bykle kommune

Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.

Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette

Powered by Labrador CMS