- I nynorsk er ikkje «veiledning» noko ord, ei heller «vegleiing»

Ei masteroppgåva på nynorsk skal handle om det som heiter «veiledning» på bokmål, men forfattaren kjem til kort når det gjeld å finne eit nynorskord for temaet.

Publisert Sist oppdatert

Bokmålsordet veiledning er ofte bruk i dialekt uttalt som variantar av «veiledning» og «vegleiing». I nynorsk er ikkje «veiledning» noko ord, ei heller «vegleiing».

Denne artikkelen er også publisert i Bedre Skole nr. 3/2017

I og med «vegleiing» ikkje finst som ord på nynorsk, så såg eg i starten to val: enten skrive oppgåva på bokmål eller velje ei anna oppgåve. Men i og med at eg kunne ha skrive denne oppgåva utan vanskar på bokmål, så meiner eg at det må vere mogleg å gjere eit forsøk på nynorsk og. Trass alt så vil ein finne omgrepet «veiledning» i pedagogisk teori og praksis, vil ein ikkje? Det er heller ikkje slik at eg nødvendigvis må skrive på nynorsk, i min kvardag kjem kanskje orda lettare på enten bokmål eller engelsk, men i arbeidet med litteraturgjennomgang var det langt mellom dei nynorske artiklane, bøkene og oppgåvene. Og det, saman med det manglande ordet «vegleiing», gjer at eg er nøydd for å prøve å gjere denne studien på nynorsk.

Kan hende det finst andre nynorskord som dekkjer omgrepet – eller kan hende det ikkje er relevant å ha eller bruke dette ordet?

Det er naturleg å gå til «Nynorsk ordliste» for råd, anvisning, rettleiing eller veg –- ja, på bokmål ville det gjerne ha blitt kalla «veiledning».

 

Jakta på eit ord for «veiledning»

Synonymordboken.no er på bokmål og den gjev «råd, anvisning, opplæring og instruksjon» som synonym til «veiledning». Eg fann synonymordbok på nynorsk på internett, men den hadde verken «rettleiing» eller «vegleiing» i oppslagsorda sine.

Men synonym er ikkje det same som å omsetje eit ord mellom våre to målformer. Vi ser etter same tyding av eit omgrep.

Utdanningsdirektoratet sin Lexin.udir.no har kort og konsist oversett «veiledning» frå bokmål til nynorsk som «rettleiing». Det skulle vere enkelt og udiskutabelt. Og når eg sjekkar orda «rettledning» og «rettleiing» frå bokmål til nynorsk på Lexin, så finst dei ikkje. Men dersom eg sjekkar mi utgåve av Gyldendals bokmålsordliste frå 2006, så er dette to bokmålsord godkjend av Språkrådet. Ei anna ordbok på nett, nb.glosbe.com, har ordet «rettledning» i sin bokmålsportefølgje. Det same ordet finn vi hos Språkrådet, som bruker ordet aktivt ved bruk av bokmål:

«I Bokmålsordboka er dysleksi bare forklart som ‘lesevanske(r)’, mens lyte er forklart som ‘feil’ eller ‘skavank’, med brukseksemplene være uten plett og lyte og kroppslyte. Dette gir ikke noen rettledning» (Språkrådet, 2016). Og digitalordbok ved UIB (2016) har bokmålsordet «rettledning» og bokmålsordet «rettleiing». Men, «veiledning» finst bare på bokmål og «vegleiing» finst slett ikkje…

Bør eg ikkje då bare finne meg til rette med ordet «rettleiing» og bruke det i oppgåva mi?

Det er noko med mi omgrepsforståing som får meg til å nøle litt. «Rettleiing». Eg leitar etter definisjonar. Norsk ordbok, som er ei ordbok for norsk talemål og nynorsk, (UIO 2016) viser til tre moglege tolkningskategoriar av ordet: som råd, i tolking av opplysning, informasjon, hjelp, vederlag eller motyting, som lån, eller som ordning, avgjerd, tilrettelegging eller gjeremål. Ei relativt vid forståing av ordet. «Veiledning» finst ikkje i denne ordlista.

Eg leitte på Google.no etter ein definisjon av ordet og søkte etter «rettleiing definisjon». Språkrådet kom opp som alternativ, men det var knytt til ei side der ein gav råd om korleis ein kunne definere fagterminologi og leggje det inn som ein del av deira terminologiordbok. Vidare søk ga resultat på sida «betydning-definisjoner.com» og hadde i farten oversett «rettleiing» til «veiledning». Ved søk direkte på «rettleiing» i denne basen var det ingen treff til noko, heller ikkje knytt til «veiledning» (www.betydning-definisjoner.com 2016).

Så eg sit her med nokre ordbøker som seier at bokmålsordet «veiledning» er på nynorsk «rettleiing». I talemål er ordet «vegleiing» jamt brukt, eit søk på «vegleiing» i Nasjonalbiblioteket (2016) gjev peikarar til mange fagtekstar og offentlege dokument der ordet «vegleiing» vert brukt. I fagtekstar på bokmål kan vi finne ordet «rettledning», og nokre ordlister seier at «vegleiing» og «rettledning» ikkje finst.

 

«Veiledning» versus «rettleiiing»

For å sjå nærare på dette, vel eg å stille spørsmålet: Har omgrepa «veiledning» og «rettleiing» same innhald?

Mi forståing av omgrepet og bokmålsordet «veiledning» er festa i mi forståing av bokmålsorda «vei» og «lede», der substantivet «vei» på bokmål er tilsvarande «veg» på nynorsk, og peikar mot ei tilrettelagt åre eller rute som er brukt til framkomst, eller ein retning som kan brukast til å ta ein framover, gjerne for å nå eit mål. Bokmålsverbet «lede» er tilsvarande «leie» på nynorsk, og eg forstår det i meininga som å føre, vise veg og følgje. Omgrepsinnhaldet mitt for «veiledning» er tett på slik: «Veiledning» er å vise veg, føre og/eller følgje nokon i ein retning eller på ei tilrettelagt åre, gjerne mot eit mål.

Nynorskordet «rettleie» forstår eg som sett saman av omgrepet «rett» og «leie». Omgrepet «leie» er som i førre avsnitt å føre, vise veg og følgje. Ordet «rett» forstår eg med eit omgrepsinnhald som å vere riktig, vere sant eller ekte i denne samanhengen. «Rett» kan og sjåast på som ei føremon, å kunne ha ein gode til fordel for andre, men eg vel å ikkje trekkje dette inn i denne samanhengen. Mi forståing av omgrepet «rettleiing» vert då å føre, følgje eller vise nokon på ein riktig, sann eller ekte veg.

Ser ein slik på orda «veiledning» og «rettleiing» så peikar det seg ut ein forskjell for meg i omgrepsinnhald. «Veiledning» fører til ein veg, og «rettleiing» fører til noko som er sant eller ekte. Dermed viser desse orda ikkje til same forståing, og er ikkje heilt samanfallande og samsvarande.

Sundli (2009, s. 160) viser til tilsvarande skilnad på omgrepa: «Ordet veiledning består av delene vei og leidning, og det gir assosiasjoner til at en leder en annen på vegen. Nynorskbegrepet rettleiing angir enda sterkere at det er en som vet hva som er rett, og at det finnes en rett vei å ledes på, og svensk handledning går enda mer fysisk til verks.»

Ser vi på det engelske språket blir gjerne ordet «guidance» oversett til «veiledning» på norsk (bokmål) (Johannesen, Kokkersvold og Vedeler, 2010, s. 21). «Guidance» har slik eg ser det og eit rom for å kunne vurdere kva som er rett eller kva retning ein vil velje.

Eg vil ikkje prøve å forfekte kunnskap eller forståing av språkhistorie eller språkutvikling på noko høgare nivå. Mi interesse her er å ha eit funksjonelt språk og ordforråd som ligg tett opp til det som vert brukt både daglegdags og fagterminologisk, og som i høgst mogleg grad har eit felles omgrepsinnhald hjå brukarane. Eit språk vi kan bruke og forstå i fellesskap.

Eg ville gjerne kunne bruke ordet «vegleiing» som eit nynorskord i oppgåva mi, eller som eit bruksord som har eit innhald som eg forstår som å «føre, følgje og vise veg i ein retning eller langs ei åre som kan føre mot eit mål» og som direkte oversett frå bokmålsordet «veiledning». Å bruke «rettleiing» vil ikkje høve på same måte, der ein ikkje søkjer seg fram til «det rette» men heller forskar ut ein mogleg veg.

Alternativet var å bruke bokmålsordet «veiledning» som alt er eit etablert omgrep i det norske språket vårt. Både «vegleiing» og «veiledning» er å finne i bruk i formelle faglege tekstar skrivne på nynorsk, men utan at det har feste i rettskriving. Kan ein då sjå på at det er mogleg at fagleg praksis har akseptert omgrepsbruk, og at bruk og forståing av omgrepet ligg litt føre rettskrivingsreglar og rettskrivingsformer?

 

  • Elin Legland er tilsett som spesialpedagog ved BUP Stord i HelseFonna, og er utdanna master i undervisningsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet, samt logoped og allmennlærar ved Høgskulen i Bergen, Psykologi grunnfag ved Universitetet i Bergen og fag innan Business Administtation ved Universitetet i Glasgow.
    Legland har bakgrunn innan utdanning- og opplæring i Noreg, Skottland og Qatar med erfaring frå barnehage, grunnskuleutdanning, vaksenopplæring og høgskule/universitet. I tillegg har ho erfaring frå arbeid innan PP-tjenesta i Noreg, og no BUP.

 

 

 

Powered by Labrador CMS