Kari Anne Ålvik
Kari Anne Ålvik er leiar i Utdanningsforbundet Årdal.

UDF-leiar før kommunevalet:

Jublar over auke i grunnbemanninga i alle dei kommunale barnehagane

Kari Anne Ålvik, leiar i Utdanningsforbundet Årdal, jublar over kommunens vedtak om å auke grunnbemanninga i alle dei seks barnehagane i kommunen. 

Publisert Sist oppdatert

Til hausten er det kommuneval, og skule og barnehage er eit av dei store tema for lokalpolitikarane. 

I denne sommarserien svarer leiarar i fleire av Utdanningsforbundet sine lokallag på fem spørsmål før kommunevalet. 

Kari Anne Ålvik, leiar i Utdanningsforbundet Årdal

– Kva for ein politisk sak bør lokalpolitikarane i din kommune vere opptatt av for å sanke stemmer fra lærarar i skoler og barnehager?

– I Årdal kommune har det over fleire år vore vanskeleg å få tak i nok pedagogar til barnehagane. Så å rekruttere og behalde desse er viktig. Me har også byrja å sjå den same tendensen i skulen, så her bør ein vere føre var. Gode seniorpolitiske tiltak, moglegheiter til etter- og vidareutdanning og meir tid til kvart born og elev er ein god start, vil eg tru!

– Kva for eit politisk forslag i din kommune har gjort deg mest forbanna dei siste fire åra?

– Akkurat no har me ein debatt om vindmøller i kommunen vår, som er ganske oppheita. Personleg stolar eg på at ei konsekvensutgreiing vil vere nøytral. Men eg trur også det finst andre alternativ her i Årdal. (I tillegg må me rett og slett tenke på straum på ein ny måte. Me er godt vande her, straumen har vore billeg og me er ikkje av dei som slår av lyset i dei romma som ikkje er i bruk. Men forbrukar me mindre eller meir moderat, vil me bidra miljømessig. I det store bilete kan me då selje den vidare til land som i dag hentar energi frå fossile kjelder.)

– Kva for eit politisk forslag har gjort deg mest glad?

– Då kommunestyret i Årdal vedtok å auke grunnbemanninga i dei seks kommunale barnehagene med tre tilsette frå hausten av.

– Dette var eit viktig vedtak, då ei bemanning basert på minimumskravet gjer dagen sårbar. Pedagogar skal ha planleggingsstid og matpausar. Opningstida er lengre enn arbeidsdagen til ein pedagog. Og ikkje minst, fleire av barnehagane har hatt utfordringar med høgt sjukefråver. Då seier det seg sjølv at ein får utfordringar med å dekke opp, for ein veit jo at dei fleste arbeidstakarar har noko fråver, i tilegg til at ein veit at tilsette i barnehagane har meir fråver utover snittet grunna tunge tunge tunge løft ol.

– Dersom du hadde fått lov til å bestemme eit politisk vedtak i din kommune – kva ville det vært?

– Pedagognorma skulle gjelde for kvar avdeling, ikkje huset. Det same for skulen. Delingstalet skulle gjelde for årskullet.

– Det er flott at ein har ei norm, men det hjelper lite at det er nok personale på huset, når ein er for få på ei avdeling. Det same gjeld på skulen. Det hjelp lite at et er 16-18 elevar i fleire kull, når det er godt over 20 i andre. Born har behov for meir vaksenkontakt enn det barnehagedagen og skuledagen gjev dei. Ein kan ha over 20 elevar i ein klasse. Ein naturfagtime varar kanskje berre i 45 minutt. I snitt gjev det kvar elev 2 minutt aleinetid. Alle som jobbar i skulen veit at det ikkje fungerer slik. Alle elevar treng å bli sett, oppmuntra, motivert, og ikkje minst trygga. Nokre har særskilde behov utan at det utløyser ekstratiltak. 

– Mange av elevane eg har møtt oppgjennom, seier sjølve at læringsutbyttet er større i mindre grupper. Dei kjenner seg tryggare, deltek meir og har tykkjer det er lettare å spørje om hjelp. I grunn tykkjer eg det ville vore god samfunnsøkonomi å styrke grunnbemanninga både i barnehage og skule. Og viss eg får snike med eitt til, så er det at potten ved lokale forhandlingar hausten 2024 skal fordelast flatt. Rett og slett fordi me brukar store ressursar på denne prosessen, og at det på mange måtar er ein evig runddans med krav og forventningar som berre kan endrast sentralt.

– Dersom du skulle startet eit politisk parti, kva skulle slagordet vært?

– Eg ville presisert at «Berre pedagogar er lærarar». Men mest av alt ville eg ha henta fram att slagordet MEIR TID TIL KVAR ELEV!

 

Powered by Labrador CMS