Kva med å bry seg om dei sårbare elevane mellom streikane?

Debatt: «It takes a village to raise a child», og alle som har ei vaksenrolle i skuleorganismen, er med i denne landsbyen. Det er ikkje læraren aleine.

Publisert

Lærarstreiken gjorde det synleg for alle det som vi lærarar alltid har visst: det å gå på skule er gunstig for dei aller fleste elevane si intellektuelle utvikling og psykiske helse. Det er likevel eit stor sprang frå det å stelle med normalutviklinga, til å ta ansvar for at elevane kan bli psykisk sjuke.

Vi lærarar vart noko lettvint skulda for at elevane vart sjuke av å gå heime, utan rutinar og faste rammer å forholda seg til. Hallo! Ein kan vel vere heime og likevel ha rutinar og faste rammer, er det ingen foreldre att i dette landet som kan stille krav?

Det er i psykologien ein skilnad mellom ein psykisk plage og psykisk liding. Klart det er psykisk plagsamt å vere i lediggang, men det er ikkje dermed ei liding. «Sårbare elevar» vart arbeidsgjevar sin redningsplanke for å få slutt på streiken. Helse vart dermed eit argument for å ta lufta ut av ein streik som handlar om utdanning.

Skulen si rolle for psykisk helse er dermed sett på dagsorden med krigstypar. Mandatet til skulen har blitt utvida i denne retninga, også i tida før streiken. Mellom anna vert auka terapeutisering av danningsoppdraget tufta på læreplanen sine fordringar om tverrfagleg undervising i temaet «folkehelse og livsmeistring». Det kallar eg eit langskot, som bommar på mål.

Det er ikkje eit terapi-oppdrag vi har fått, men eit oppdrag om å styrke elevane sitt kunnskapsgrunnlag på brei front om meistring og helse på makronivå, det har aldri vore meininga at vi skal inn og synse på individnivå om reelle psykiske vanskar, eller ta ansvar når det buttar sto sterkt mot for den einskilde at vi kan snakke om psykisk uhelse.

Sånn som eg har forstått det, har aldri dette temaet vore meint som ein trojansk hest for å setje fokus på den individuelle psykiske helse i klasserommet, men å adressere meir breitt og generelt kva det er å vere menneske, og ikkje minst at det er normalt at ein «verker i livet» og kjenner på meiningsløyse i ei kompleks og uoversiktleg verd. Vi ønskjer so godt vi kan å byggje mot hos dei som føler seg motlause, meining hos dei som kjenner på meiningsløysa, og etablere trua på at ein er «god nok», sjølv om ein ikkje lever opp til glansbileta på sosiale media.

Vi treng eit tjukkare lag rundt eleven

Vi kan likevel ikkje vere det einaste bolverket som hindrar elevane sitt sjeleliv i å skli ut, verken før, under eller etter ein streik.

Om vi skal hjelpe den einskilde med konkrete utfordringar og kome psykisk uhelse i forkjøpet, treng vi eit tjukkare lag rundt eleven. Fordringane våre har blitt meir omfattande, medan dei menneskelege ressursane og økonomiske rammene har blitt utarma år for år.

Vi treng både faglæraren, skuleleiaren, spesialpedagogen, helsepersonell, assistenten og vaktmeisteren, merkantilt tilsette og reinhaldspersonale. «It takes a village to raise a child», og alle som har ei vaksenrolle i skuleorganismen, er med i denne landsbyen. Det er ikkje læraren aleine.

Likevel har lærarane fått meir og meir ansvar dei siste åra, medan til dømes spesialpedagogikken har blitt systematisk bygd ned.

Dei som sit med forskingsbasert og oppdatert kunnskap om lærevanskar, syndrom og psykisk helse, har vi ikkje plass til lenger. Alt skal skje i klasserommet, i stor elevgruppe.

Les også: Lærere har seg selv å takke for tap av status, lønn og ressurser

Det å vere ein del av eit fellesskap er ein grunnleggande verdi som eg òg vil hegne om, men for somme elevar er det i kortare eller lengre periodar like stigmatiserande å vere i klassen med sine utfordringar, som å få jobbe tett med ein som er faglært i problematikken vedkomande slit med.

Denne nedbygginga har hatt fleire viktige «endringsagentar» i front, som til dømes professor ved Høgskolen i Innlandet, Thomas Nordahl, som sidan slutten på 1980-åra har arbeidd systematisk med marginalisering av det spesialpedagogiske. Samvirket mellom pedagogikk og politikk har vore diffust og vanskeleg å gjennomskode for oss lekfolk ute i klasseromma, men vi er ikkje dummare enn at vi skjøner at det er billegare om alle er i klassen heile tida enn om nokre skal ut i andre settingar for å jobbe med spesifikke utfordringar.

Premissen har vore som fylgjer: «(spesialpedagogikken) drives i stor grad av ufaglærte, den er individ- og vanskefokusert og elever med vidt forskjellige diagnoser og behov plasseres i segregerte grupper.»

Konklusjonen er at det har vore so dårleg satsing på det spesialpedagogiske at det er like bra å kvitte seg med den totalt. Lærarar har følt seg skulda for å ville kvitte seg med problema (plassering i segregerte grupper) heller enn å ta ansvar. Universalmedisinen for alle med utfordringar vart difor at det er best for alle i vere i lag med klassen i alle timar, for å unngå stigma og vere ein del av fellesskapet.

Lærarane har difor opplevd det som at både spesifikke og generelle lærevanskar samt mental helse har blitt mindre og mindre satsa på, gjennom uttynning av det laget som er meint å vere ei støtte for både elev og faglærar, kvar er spesialpedagogen eller helsesjukepleiaren, fagpersonane som faktisk veit kva hen snakkar om når livet blir ekstra krevjande.

Lærarane skal hjelpe alt og alle

Tilbake står vi lærarar einsame i klasserommet og skal hjelpe alle med alt, med store område der vi er i beste fall er autodidakte, i verste fall kunnskapslause. Uansett so er vi ufaglærte. Eg har aldri lært om hyperaktivitet, om dysleksi, om åtferdsproblem, om glidande kjønnsidentitetar og kva ein skal gjere når utfordringa med mental helse bikkar over frå det normale til hjelpetrengande. Eg har heller ikkje hatt mange å spørje. Det som har hjelpt meg mest er at eg har blitt eldre, og føler meg tryggare i møte med liding og vanskar enn då eg var tredve. Vi har diverre ikkje tid til at aldring skal stå for vidareutdanninga vår.

Når streiken vart for anstrengande for samfunnet, vart heile ansvaret for elevens psykiske helse lempa over lærarane. I realiteten er det arbeidsgjevar som har abdisert frå å ta ansvar for elevane si psykiske helse, over mange år, gjennom å slakte det spesialpedagogiske. Det siste offerlammet er Statped, som no skal eliminerast, gjennom ei stor omlegging.

Eit stort fagnettverk skal plukkast frå kvarandre, med uviss gevinst. Lokale PP-tenester melder frå sin kant at det er eit stort misforhold mellom ansvar og dei ressursane dei har til rådvelde: «PPT vil heller ikke være rustet til å imøtekomme det utvidede ansvaret og mandatet som følge av omstillingen av Statped og ny Opplæringslov.»

Om det er slik at vi skal ha ansvaret for elevane si psykiske helse, må laget rundt eleven bli sterkare. Om det ikkje skjer noko, er det berre å erkjenne at alt snakket om skulen si betyding for elevane si psykiske helse var tomsnakk heilt på grensa til vakuum, ord utan innhald. I mangel av reelle argument vart desse orda brukt for å stoppe ein heilt legitim streik. Kva med å bry seg mellom streikane?

Powered by Labrador CMS