Utdanning,
Hausmanns gt. 17
PB 9191 Grønland,
0134 Oslo.

Tlf. +47 24 14 20 00
redaksjonen@utdanningsnytt.no

Ansvarlig redaktør:
Knut Hovland

Nettredaktør:
Paal M. Svendsen

Utgiver:
Utdanningsforbundet

Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet. © Utdanning.
Utdanning er medlem i
Den Norske Fagpresses Forening, og arbeider etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.

Meir og betre opplæring i sidemål
I Noreg har vi sidan 1885 hatt to offisielle og jamstilte former for norsk skriftspråk.
  • Håvard B. Øvregård er leiar i Noregs Mållag

Skal denne jamstillinga vere reell, må alle lære båe målformene. Når Inger-Lise Nyheim, styremedlem i Riksmålsforbundet, i lesarbrev nyleg seier at jamstillinga berre skal innebere at "alle skal få bruke det skriftspråket som passer dem best", så syner ho ei manglande forståing for kor avgjerande felles skriftspråkkunnskap er i ein nasjon. Det er avgjerande for at ein skal kunne jobbe saman om ein tekst, om det så er eit offentleg dokument, ei avisannonse, ein reklamekampanje, eller ein bryllaupssong. Når Riksmålsforbundet og andre vil ha friviljug sidemålsopplæring, så vil dei ta frå Noreg eit språkleg lim som held oss saman.
 
Elevar med nynorsk som hovudmål vert tvunge på så mykje bokmål, i aviser, bøker, blad, reklame og anna, at det vert høvesvis lett å meistre bokmål skriftleg. Men elevar med bokmål som hovudmål vert ikkje på same måten bombardert med tekst på sitt sidemål, og er difor meir avhengig av god opplæring i skulen for å meistre nynorsk skriftleg. Løysinga er difor ikkje mindre sidemål, men meir og betre opplæring i sidemål. Dette vil også betre haldningane til sidemål hjå bokmålselevar.
 
I 2006 gjorde Utdanningsdirektoratet ei større gransking om sidemålsundervisninga i skulen. Tendensen i denne undersøkinga er klar: di tidlegare sidemålsundervisninga startar i skulen, di betre vert haldningane til faget. Undersøkinga syner så klare samanhengar at det må få fylgjer for læreplanane. Sidemålsopplæringa må starta tidlegare.
 
Granskinga syner at så mykje som 50 % av bokmålselevane som starta med sidemålsopplæring på 8. trinnet eller tidlegare, likar nynorsk. Av dei som starta med nynorsk som sidemål på 10. trinnet oppgjev berre 3,8% at dei likar nynorsk. Vidare går det fram ein klar positiv samanheng mellom haldningane til faget og karakterane elevane får.
 
Elevane meiner at meir skrivetrening og meir undervisning er det som skal til for å få betre resultat i nynorsk. Forsøk frå fleire skular syner at når bokmålselevane bruker nynorskbøker i andre fag enn norsk gjev det betre skrive- og lesetrening, og elevane vert flinkare i sidemålet sitt. Det er gjennom slike tiltak, og ikkje gjennom valfritt sidemål, at ein kan betre meistringa av og haldningane til nynorsk.
 


Kommentarer:
Navn:
Tittel:
Epost:
Kommentar:
NB! Innlegget vil ikke vises med en gang. Du får en e-post fra oss når det ligger ute.
annonser annonser: