Utdanning,
Hausmanns gt. 17
PB 9191 Grønland,
0134 Oslo.

Tlf. +47 24 14 20 00
redaksjonen@utdanningsnytt.no

Ansvarlig redaktør:
Knut Hovland

Nettredaktør:
Paal M. Svendsen

Utgiver:
Utdanningsforbundet

Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet. © Utdanning.
Utdanning er medlem i
Den Norske Fagpresses Forening, og arbeider etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.

Teori og praksis
Eg vil tru mange som har posisjonar og makt til å forme ut ulike sider ved skulen, er sterke på teori.
  • Asbjørn Geithus er pensjonert historielærar

Og ein finn vel så godt som alle desse på kontor, med store mengder abstrakt skriftspråk å arbeide med. Eg tenkjer at alle desse styrande har som mål ein betre skule. Kva er så gode målestokkar på om intensjonen vert nådd? Kven er ekspertar på å vurdere? Ein kameraten min har drive mekanisk reparasjonsverkstad i mange år. Ungdomsskulen har samarbeidd med han; elevar som har trengt noko anna enn vanleg skuleopplegg, har kome på verkstaden hans. Alle har lært og har forstått. Han fortel at auka teorimengd har gjort læringa vanskelegare for desse ungdomane. Har tilsette i departement og direktorat prøvd ut korleis endringar dei har sydd saman, fungerer i praksis, og har politikarar som formelt sett står som ansvarlege, prøvd omleggingane sine i praksis? I det siste har eg observert noko positivt: Folk som har røynsle med å leve med, praktisere Kunnskapsløftet, står fram med sin kritikk, ein kritikk som vert meir og meir omfattande etter som fleire og fleire deltek.

Oppvaksen med abstraksjonskultur

Ein forskningsrapport på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet syner at foreldra si utdanning gjev tydelege utslag. Dei som veks opp i heimar med mykje bøker, noko som korrelerer med utdanninga foreldra har, veks opp med god trening i abstrakt tenking og abstrakt språkbruk. Ein skule med mykje teori greier desse elevane betre enn dei som veks opp i ein kultur med meir konkret, praksisretta levemåte. Men mange, særleg på yrkesskulane, får dårlegare utbytte av ein skule med meir teori, meir abstrakt læringsstoff. Ein ikkje nett uventa konklusjon. Når meldingane om dårlegare læring for mange elevar aukar på, greier då dei som sit i styrande posisjonar, å lytte til dei som opplever konsekvensane, lytte til deira framlegg om korleis læringsprosessen skal utformast? Og greier dei å gjere endringar som trengst?

Teori og praksis

Forsking kan føre til ny innsikt. Men vi treng ikkje finne opp hjulet på nytt og på nytt. Mykje røynsle med vekselverknaden mellom teori og praksis er samla. Bortimot alle har same røynsla som eg. Eg har kjøpt noko som så skal takast i bruk. Metode 1; Les bruksanvisningen om att og om att til du kan den perfekt. Set så saman det du har kjøpt. Metode 2; Du har med deg ein person som kan arbeidet som skal gjerast, ein lærar. Vedkomande forklarer ein passeleg del. Så får du prøve. Læraren rettleier, forklarer og kommenterer det du gjer. Du spør og læraren forklarer etter behov. De tek denne delen av arbeidet ein gong til. Så vidare til neste del. Til slutt kan du gjere arbeidet effektivt, og du har nådd fram til god teoretisk forståing! Har du erfaring med begge metodane? Kva metode fungerte best for deg? Alle har vi erfaring med vekselverknaden mellom teori og praksis. Det er ikkje snakk om enten eller. Kvifor skal ikkje alle dei dugande teoretikarane i departement, direktorat og i det politiske systemet gjere seg betre nytte av all den praktiske erfaringa mellom dei som praktiserer i skulen?


Kommentarer:
Navn:
Tittel:
Epost:
Kommentar:
NB! Innlegget vil ikke vises med en gang. Du får en e-post fra oss når det ligger ute.
annonser annonser: