- Brita Bøyum er vara-hovedtillitsvalgt i Utdanningsforbundet Hordaland
Dei set ord på det vi alltid har visst; norsklærarane har ei altfor stor arbeidsbyrde.
Alle innlegga eg har lese omtalar den store rettebyrda i norskfaget. Ho er så omfattande at lærarar søkjer seg bort frå faget, sjølv om norsk er eit fag dei likar og brenn for. Må ein rette så mykje? Nei, seier norsklektorane Liv Edsberg og Andreas Titlestad, som begge arbeider i vidaregåande skole. Dei kjem med konstruktive forslag til korleis ein kan minske rettebyrda, og forslaga er vel verdt å studere. Likevel kjem ein ikkje bort frå at det tar tid å gi gode tilbakemeldingar på skriftlege tekstar med krav om høgt fagleg nivå. Ein snakkar her om morsmålsfaget.
Eg vil presentere ei løysing som kan minske arbeidsbyrda for norsklærarar, samstundes som ho tar vare på kvaliteten i faget. Eg tar utgangspunkt i den vidaregåande skolen, som eg kjenner best.
Min påstand er at talet på karakterar i faget har hovudskulda for at norsk er så arbeidskrevjande. På studiespesialiserande skal ein gi tre norskkarakterar per halvår, og på yrkesfaglege studieretningar skal ein gi to. Dette styrer oss i arbeidet. Det er dette vi må gjere noe med, og det har dei gjort ved Fana gymnas i Bergen.
Fana gymnas har fått gjennomslag for ei forsøksordning, der ein reduserer talet på karakterar til ein einaste norskkarakter. Forsøksordninga omfattar vg1 og vg2, studieførebuande. Ein av initiativtakarane, Lisbeth Norendal, har gode erfaringar etter det første forsøksåret på vg1.
Det er fleire sider ved dette forsøket som gjer det særs interessant. Det reduserer arbeidsbyrda for norsklærarar. Berre det i seg sjølv gjer forsøket interessant for fagrørsla, som heile tida får meldingar om at ein må gjere noe med norsklærarane sin arbeidssituasjon.
Mange fryktar for ei svekking av sidemålet, som for dei fleste er nynorsk.
I følgje Lisbeth Norendal har elevane arbeidd betre med sidemålet med den nye ordninga. No veit dei at sidemålet tel med i den eine norskkarakteren. Blant ein del elevar har sidemålet tradisjonelt hatt låg status, og ikkje alle har brydd seg om at denne karakteren har vore låg. Ho minnar dessutan om kompetansemåla som ligg i fagplanen, som sjølvsagt forpliktar norsklæraren.
Lisbeth Norendal har også eit anna poeng. Ho meiner at integreringa av det munnlege i denne eine karakteren, gjer at ein slepp unna den vanskelege grensesettinga i høve til kva som skal reknast som munnleg og skriftleg. Med det utvida tekstomgrepet som kom inn med Kunnskapsløftet, med såkalla samansette tekstar i norsk, er ikkje skiljet blitt enklare. Dette peikar også Kristin Beate Auestad på i artikkelen "Det problematiske (i) norskfaget etter Kunnskapsløftet".
Eg vil påstå at ein reduksjon av talet på karakterar gjer det lettare å følgje opp dei nye vurderingsforskriftene. Hovudprinsippet i desse er at elevane skal forstå kva dei skal lære og kva som er forventa av dei. Dei skal ha tilbakemeldingar/framovermeldingar som fortel om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen, og få råd om korleis dei skal forbetre seg. Her skal elevane sjølv vere ein aktiv part. Bruken av karakterar er sterkt nedtona. Ein treng faktisk ikkje sette karakterar anna enn i halvårsvurderinga. Standpunktkarakteren skal ikkje settast før ein avsluttar faget.
Intensjonane i forskriftene er gode, men ein veit kor tidkrevjande eit slikt vurderingsarbeid er. Eg trur likevel ein kunne kome nærare intensjonane, dersom ein kunne tillate seg større grad av fordjuping i delar av faget, noe éin karakter gir rom for.
Norsklærarar veit at prosessorientert skriving er nyttig, men arbeidskrevjande. Det krev stadige framovermeldingar frå lærarane. Det hadde likevel late seg gjere, dersom ein ikkje samstundes skulle halde på med andre ting, for ikkje å få dårleg samvit for manglande karaktergrunnlag til dømes i sidemål eller munnleg.
Fleire av oss har positive erfaringar med såkalla språkbad i innøvinga av sidemål. Her nyttar elevane sidemålet i alt dei skriv i faget. Frå eit vurderingsperspektiv er det ein klar fordel at innøvinga strekkjer seg over ein lengre periode.
Eg tenkjer også på kor mykje elevane kan lære om dei får øve seg opp til å halde foredrag med bruk av grep frå retorikken, som kom inn i læreplanen med Kunnskapsløftet. Men også dette tar tid, og læraren må inn med god rettleiing.
Med tre karakterar på studieførebuande og to på yrkesfag, vert det ein evig kamp om å ha nok grunnlag for å kunne setje karakter. Ein må gjere litt av alt heile tida. Undervisninga blir oppstykka, og ein får for lita tid til fordjuping. Elevane får ikkje med seg det dei skal, og lærarane slit seg ut. Mange års erfaring som skriftleg sensor fortel meg at svært mange elevar manglar grunnleggjande skrivetrening, og det er urovekkjande.
Læreplanen er like omfattande om ein har ein eller tre karakterar. Men eg trur fordjuping over tid er den beste måten å arbeide på, noko ein kan tillate seg med éin karakter. Eg meiner difor at ein reduksjon av talet på karakterar vil styrke kvaliteten på norskfaget, samstundes som arbeidsbyrda blir meir overkomeleg for læraren.
Eg vil ikkje konkludere med at éin norskkarakter er den eine rette løysinga, men ideen har mykje for seg, og forsøket på Fana gymnas bør studerast nøye.
Kjelder:
Liv Edsberg og Andreas Titlestad:"Er det nødvendig å rette så mye, a?" Norsklæreren 1/2010
Kristin Beate Auestad: "Det problematiske (i) norskfaget etter Kunnskapsløftet",
Dag og tid ,9.mai 2008.