Leiar i Norsk Målungdom, Maria Svendsen
Fleire nynorskkommunar gjev ikkje språkopplæring på nynorsk, og det fører til problem seinare.
– Det mest påfallande problemet oppstår der innvandrarar har fått opplæring i bokmål, og skal ha barn i skulen i nynorskområde. Desse får problem med å hjelpa ungane med skulearbeid, seier leiar i Norsk Målungdom, Maria Svendsen i ei pressemelding.
Der dette er tilfelle vil der oppstå ein språkbarriere mellom foreldre og barn. Dei plassane det er mogleg, vil mange av barna verta flytta over i bokmålsklassar. Dette skapar eit uheldig skilje mellom kven som lærer nynorsk og kven som lærer bokmål på skulen.
– På sikt er dette svært uheldig, og det hindrar god integrering om innvandrarane vert utestengde frå nynorsken, sier Svendsen.
Liv Signe Navarsete melder at Kommunal- og regionaldepartementet no set fokus på innvandrarar i distriktspolitikken. Norsk Målungdom vonar nynorskopplæring for innvandrar i aktuelle område vert ein viktig del av denne satsinga.
– Det er diskriminerande og tankelaust ikkje å gje innvandrarane opplæring i rett språk. Me får ikkje ei vellukka integrering når kommunane, ved å gje alle bokmålsopplæring, signaliserer at innvandrarane uansett skal flytta inn til byane.
I eit ope brev til departementet utfordrar Norsk Målungdom ministeren til å ta saka på alvor, og skaffa eit oversyn over kva kommunar som ikkje gjev eit godt nok opplæringstilbod.
- Det viktigaste er at finst gode og rimelege læremiddel tilgjengeleg på nynorsk. Diverre skal det ikkje meir til enn små, praktiske hinder for at kommunane ikkje får på plass eit opplæringstilbod, seier Svendsen.