Undersøkinga som konkluderer med at kvinnelege lærarar sin dugleik og sjølvtillit i matematikk særleg påverkar jentene, er utført av ei gruppe forskarar under leiing av Sian L. Beilock, assosiert professor i psykologi ved Universitetet i Chicago.
– Unge elevar har ein tendens til å verte forma av vaksne med same kjønn. Det å ha ei kvinneleg lærar som er usikker på matematikk kan forsterke stereotypien om at gutar er flinkare enn jenter i dette faget, konkluderer ho, ifølgje avisa New York Daily News.
Forskarane studerte 52 gutar og 65 jenter på første og andre årstrinn, altså mellom seks og åtte år gamle. Elevane vart undervist av 17 lærarar, alle kvinner. I USA er ni av ti lærarar i elementary school kvinner.
Lærarane vart testa både når det galdt dugleik og på spørsmål om korleis dei opplever situasjonar som er knytte til rekning, som å lese ein kassalapp eller øve til ein matematikkprøve. Då elevane vart testa for første gong tre månader ut i skuleåret, var det ingen samanheng mellom læraren og elevane sitt syn på matematikk.
Men då elevane vart testa på nytt to månader før slutten på skuleåret, hadde noko skjedd: Jo meir usikker læraren var på matematikk, dess sterkare var tendensen til at jentene, men ikkje gutane, var samde i påstanden: "Gutar er gode i matematikk og jenter er gode i skriving". Jentene som svarte ja på dette, skåra dessutan dårlegare på matematikktestar enn både gutane i den same klassen og jentene som ikkje hadde denne oppfatninga.
Forskarane tilrår at lærarutdanninga må bli betre både til å styrke framtidige lærarar sin dugleik i matematikk og betre haldningane deira til faget.
Avisa siterer òg Janet S. Hyde, psykologiprofessor ved Universitetet i Wisconsin-Madison, som åtvarar om at jenter som veks opp i trua på at kvinner er dårlege i matematikk, ofte vil unngå å velge fordjuping i faget seinare.
– Dette held jenter og kvinner borte frå mange lukrative karrierar, særleg innan vitskap og teknologi, seier ho til avisa.
– Viktig med rollemodellar
Gerd Åsta Bones ved Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa er glad for at slike undersøkingar kjem fram.
– Det er viktig at jenter har gode rollemodellar og kompetente lærarar. Funn i andre undersøkingar som TIMMS og PISA syner at jenter har mindre tru på seg sjølv i matematikk enn det gutar har. Det er òg slik at lærarane til dei yngste elevane jamt over har den svakaste fagkompetansen i matematikk. Difor er det viktig å få sett inn gode tiltak der, seier Bones til Utdanning.
Mangel på fagleg og didaktisk kompetanse blant lærarane på
dei lågaste trinna fører ofte til at dei støttar seg til boka og
underviser tradisjonelt.
– Difor er det viktig at fleire lærarar klarer å variere undervisninga og bruke tid på oppsummering, refleksjon og samtale om faget.
Bones peikar på at jenter og gutar likar å arbeide med matematikkfaget på ulike måtar.
– Jamt over likar jentene betre å samarbeide og diskutere faget. Gutane arbeider gjerne på eiga hand, og tykkjer oftare at det å arbeide med tal er interessant i seg sjølv.
Trass i at trua på seg sjølv er ujamt fordelt mellom kjønna, gjer jentene likevel det like godt som gutane i matematikk når dei går ut av grunnskulen.
– Men av elevane som har matematikk og fysikk det siste året på vidaregåande skule, er det langt færre jenter enn gutar som går vidare på studium i desse faga. For å få gjort noko med dette er det viktig at jentene har gode rollemodellar, seier Gerd Åsta Bones.