Tett før jul kom ein viktig rapport som fram til nå har vore lite framme i massemedia, men gledeleg nok hadde Utdanning ei omtale av rapporten i nummer 1 i år.
Det var Rapport fra tidsbrukutvalget, eit utval som var sett ned av Kunnskapsdepartementet i 2008 og som skulle vurdere tidsbruken i grunnskolen. Leiaren var Kirsti Kolle Grøndahl, fylkesmann, mangeårig stortingsrepresentant, kyrkje- og undersvisningsminister 1986-1988, og også med ei fortid som lærar. Formålet med utvalet var å foreslå tiltak som kan gi betre utnytting av tida i skolen for at elevane skal få gode læringsvilkår og gode læringsresultat. Utvalet skulle blant anna også vurdere kva oppgåver som ikkje direkte er knytte til elevane si læring, og om lærarane er pålagde for mange oppgåver. I mandatet blir det understreka at lærarane bør bruke tida til det som er kjerneoppgåvene i skolen: planlegging av undervisning, undervisning og vurdering. Rapporten munnar ut i over 90 forslag til tiltak som kan føre til at meir tid blir frigjort for kjerneoppgåvene.
Sentrale grunnlagsdokument for utvalet har mellom anna vore ei kartlegging av tidsbruk og organisering i grunnskolen som vart gjort våren 2009 av Senter for økonomisk forskning i samarbeid med SINTEF Teknologi og samfunn, ei undersøking som FAFO gjorde blant medlemmer av Utdanningsforbundet våren 2009, og ein internasjonal komparativ studie. Rektorar og skoleleiarar er også med i undersøkinga, eg konsentrerer meg her om lærarane sitt syn.
Kva brukar lærarane tid på som ikkje direkte kan knyttast til kjerneoppgåvene? Pålagde møte om organisatoriske og administrative oppgåver som gjeld heile skolen, kjem høgast på lista over tidsbruk som lærarane ønskjer å redusere. Derimot ønskjer 66 prosent meir tid til møte og planlegging som gjeld fag. Skriftleg dokumentasjon av elevvurdering og rapportering til overordna nivå kjem også høgt på oversikta. Mange lærarar er kritiske til den forma som tilbakemelding til elevane har og til det dei oppfattar som auka byråkratisering av vurderinga. Vurdering og dokumentasjon av vurdering er sjølvsagt nødvendig både av pedagogiske og juridiske omsyn. Det er omfanget og forma lærarane er kritiske til. Eit eksempel, som riktignok ikkje er henta frå rapporten: I august 2009 vart forskriftene til opplæringslova endra slik at læraren skulle bruke berre heile talkarakterar i vurderinga. Tidlegare kunne ein supplere med pluss eller minus, nå skulle eventuelle nyansar kome fram gjennom beskriving. Formålet med endringa var å gi meir nyanserte tilbakemeldingar til elevane, men reaksjonar frå både lærarar og elevar tyder på at pluss og minus hadde større informasjonsverdi. I ei pressemelding før jul seier Kristin Halvorsen at ho raskt vil sørgje for å endre regelverket slik at pluss og minus blir innført igjen. Utvalet foreslår at kravet om rapportering og dokumentasjon blir avgrensa til det som er nødvendig for å gjennomføre kjerneoppgåvene, og at nasjonale myndigheiter gjer dette tydeleg.
Innføringa av Kunnskapsløftet i 2006 inneber at skolane sjølve må utvikle lokale læreplanar som skal supplere dei nasjonale læreplanane. Dette tar tid. Her legg utvalet ansvar på nasjonale myndigheiter om å få utarbeidd rettleiingar for alle trinn og i alle fag. Utvalet har òg ei generell tilråding til nasjonale myndigheiter: "For framtidige reformer vil Tidsbrukutvalget anbefale nasjonale myndigheter å utrede den tidsmessige konsekvensen for lærerne før nye reformer blir gjennomført" (s. 35). Kan dette vere ein peikefinger retta mot enkelte reformkåte statsrådar som har hatt som mål å skape seg eit ettermæle gjennom nye læreplanar?
Lærarane oppgir at dei brukar i gjennomsnitt 50 minuttar kvar dag til utanomfaglege aktivitetar som å løyse konfliktar, halde ro og orden og starte opp planlagde aktivitetar. Dei brukar åtte minuttar meir på slike oppgåver på skolar med open eller delvis open løysing enn på skolar med fast avdelte klasserom. Det går òg fram at arbeid rundt enkeltelevar har auka når det gjeld å løyse konfliktar og motverke såkalla problemåtferd. Mykje tid går også med til praktiske oppgåver: kopiering, få tekniske hjelpemiddel til å virke, og reingjeringsoppgåver (!). Tidsbrukutvalet ser det som sentralt at læraren sin posisjon som leiar av klassen og av undervisninga blir styrka. Det har og fleire forslag til andre yrkesgrupper som kan kome inn i skolen og ta seg av ikkje-faglege oppgåver slik som miljøarbeidarar, barnevernspedagogar, assistentar av ulike slag, teknisk personale.
Kva ønskjer så lærarane å bruke meir tid på? Det kan konkretiserast i fire hovudpunkt: oppgåver som er knytte til undervisning, fagleg oppfølging av elevane, faglege møte og eiga kompetanseutvikling. I den store skoledebatten som rulla på etterjulsvinteren 2008 vart det sagt mykje klokt og noko merkeleg – skoledebatt har det spesielle ved seg at alle kjenner seg meiningsberettiga. Av dei klokaste bidraga, etter mi mining, var to kronikkar i Aftenposten. Forfattarane var to kvinnelege adjunktar, Lise Henriksen og Marianne Vik. Dei har til saman over 50 års fartstid i skolen og kjenner skolekvardagen innanfrå. Dei dokumenterte nøyaktig kva gjeremål arbeidsdagen og arbeidsveka går med til, og konkluderte: "Vi trenger bedre tid for å ha overskudd når vi underviser. Vi vil bruke tiden vår på eleven, ikke på papirbunkene og byråkratiet" (Henriksen & Vik 2008)..
Det er også dette lærarstudentar og nyutdanna lærarar ser fram til: å få arbeide med barn og unge si læring og utvikling – dersom dei vel skolen som arbeidsplass. Dei er førebudde på at dei må handtere ein klasse, ei elevgruppe og enkeltelevar og at dette heng tett saman med undervisning og læring. Men dei er ikkje førebudde på at den tida dei skal ha til arbeid saman med og for elevane, blir smuldra opp av møte i tid og utid, planlegging i aust og vest, dokumentasjon og rapportering til kreti og pleti.
Altfor mange nyutdanna lærarar sluttar i yrket dei første åra som lærarar. Det er ikkje sikkert at det er elevane si skuld. Det er heller ikkje sikkert at det er lærarutdanninga si skuld. Kanskje ligg ein del av skulda i eit system som fører til ein kvardag der lærarane får altfor lita tid til det dei er utdanna for og som er deira primære oppgåve: hjelpe barn og unge å bli "gangs menneske", for å bruke eit gammalt uttrykk. Tid til dette er den største mangelvara i skolen. "Tidsmangel er den største fienden," sa ein nyutdanna lærar. Mangel på tid fører til at lærarar stadig må inngå kompromiss mellom det dei ønskjer og det dei maktar, mangel på tid fører til ei kjensle av stadig tilkortkomming, mangel på tid fører til at frustrasjonar blir ein del av yrket. Det er vanleg å snakke om "praksissjokket" som nyutdanna lærarar møter i skolekvardagen. I røynda er dette i høg grad eit "tidssjokk".
Mangel på tid er ikkje noko særnorsk fenomen, det går igjen i mange europeiske studiar om læraryrket. I Sverige har Arja Paulin studert 25 nyutdanna lærarar det første året i yrket (Paulin 2007). Som studentar kjende dei seg relativt sikre på fagkunnskapen og undervisninga, men var usikre på sosiale sider ved yrket, slik som konflikthandtering og foreldrekontalt. I løpet av dei tre første terminane i yrket skjedde det endringar. Den første terminen kjende lærarane seg usikre, dei rakk ikkje over alle arbeidsoppåvene, dei streva med å få arbeidsro i klassane. I andre terminen var det framleis mangel på tid og mangel på kontroll over situasjonar, men nå begynte lærarane også å reflektere over undervisninga. Dei hadde behov for nye idear, kjende seg trøytte og utmatta, dei kom ikkje på nye og inspirerande arbeidsformer og greip tilbake til tradisjonelle arbeidsmåtar. I tredje terminen var tidsmangelen det største problemet, lærarane syntest ikkje dei klarte å ta seg av elevar som trong spesiell hjelp, dei stilte spørsmål ved si eiga undervisning, og fleire fann støtte i læreboka.
Vi går mot ei ny lærarutdanning, ei femårig masterutdanning. "Studiet vil kvalifisere lærere til å bli mer systematiske, mer reflekterende og utforskende. Norsk grunnskole vil få lærere som i større grad enn i dag er med på å utvikle skolen,"seier prosjektleiaren for det nye studiet ved Høgskolen og Universitetet i Tromsø, Wenche Jakobsen (Aftenposten 2010, s. 2). Men sjølv lærarar med ei solid utdanning treng tid for at utdanninga kan kome til sin rett. For snart to år sidan hadde ein ung norsklektor ein artikkel i Dagbladet. Ho beskriv arbeidssituasjonen sin og konkluderer: "Læreren mangler ikke kunnskap. Han mangler tid. Det er tid som kunne gjort meg til en bedre lærer" (Nilssen 2008).
Tidsbrukutvalet sitt arbeid gir oss von om at vi kan få tida tilbake!
Litteratur
Aftenposten, 18.01.2010. Intervju med Wenche Jakobsen.
Henriksen, L. & Vik, M. (2008): Hva bør læreren gjøre? Aftenposten 09.02.2008.
Nilssen, Hegdal, J. (2008): Nødrop fra en norsklærer. Dagbladet 19.02.2008.
Paulin, A. (2007) Första tiden i yrket – från student till lärare, en studie av de svårigheter nyblivna lärare möter under sin första tid i yrket (2007). Stockholm: HLS förlag.
http://www.regjeringen.no/upload/KD/Vedlegg/Grunnskole/Tidsbrukutvalget/Rapport_Tidsbrukutvalget.pdf