Vil leggje ned vgs i Sogn og Fjordane
Frp vil leggje ned fleire vidaregåande skuler i Sogn og Fjordane.

Årsaka er å styrke fagmiljøet til dei som vert att, seier nyvald leiar Frank Willy Djuvik til NRK. På partiet sitt årsmøte i helga sa han at elevtalet i fylket vil gå ned i åra som kjem.

– Det vil vere best for Sogn og Fjordane å ha eit best mogleg kvalitetsundervisningstilbod. Då kan det hende at vi må leggje ned nokon, for å styrke fagkompetansen på andre, slik at elevane også i Sogn og Fjordane får eit godt utdanningstilbod, seier Djuvik.

Han seier at fylket som heilhet er svekka gjennom ein skulestrukturen som er blitt til på grunn av snevre lokalpolitiske omsyn. Difor meiner han at til dømes Høyanger, Sandane, Årdal og Luster kan misse sine vidaregåande skular.

– Nei, eg trur det blir motsett. Det som er det viktige er at desse elevane får eit skikkeleg godt utdanningstilbod som gjer at dei kan føre kompetansen vidare i sine heimkommunar, seier han.

SV har tidlegare sagt at dei vil vurdere å leggje ned skuler i fylket, og også fylkesleiar i Senterpartiet, Knut M. Olsen, meiner at ein må debattere skulestrukturen.

– Frp har alltid meint at størst er best, sjølv om mange undersøkingar viser det mostette. Får vi få skular, veit vi at veldig mange må flytte på hybel. Samstundes ser vi diverre at fråfallet er størst blant dei som bur på hybel. Difor må vi legge til rette for gode skulemiljø flest moglege stadar i høve det tal ungdomar vi til ei kvar tid har, seier Olsen.


Kommentarer:
Svar

Synes ikke det er noe lurt å legge ned skoler. Sogn- og Fjordane er et fylke med meget spredt bosettelse og skolen må reflektere det. Det er tøft for en 15-16 åring å bo på hybel OM de klarer å finne en. Vil Frp sørge for bygging av internat til disse elevene. Hva koster så det?

Dale Casey

Navn:
Tittel:
Epost:
Kommentar:
NB! Innlegget vil ikke vises med en gang. Du får en e-post fra oss når det ligger ute.
annonser annonser: