Måndag gav administrasjonsutvalet i Sarpsborg rådmannen fullmakt til å gjennomføre omorganiseringa, som inneber at fleire av barnehagane i byen må dele på styrar.
I to av dei fire nye barnehageeiningane er det ein einingsleiar og to styrarar fordelt på fem barnehagar. Dersom det viser seg at omorganiseringa er ulovleg, skal arbeidsmiljøutvalet i kommunen gjere naudsynte justeringar.
Leiar Jostein Egerdal i Utdanningsforbundet Sarpsborg vil vente og sjå korleis organiseringa blir, men trur ikkje det let seg gjere å gjennomføre omorganiseringa på ein lovleg måte.
– Forslaget vil innebere at det vert tre styrarar mindre. I fjor slo fylkesmannen i Aust-Agder fast at det ikkje er lov å innføre sams leiing for fleire barnehagar dersom det fører til at ressursane til leiing i barnehagane totalt sett vert svekte. Dessutan har Kunnskapsdepartementet vore tydelege på at barnehagane må ha ein styrar til stades kvar dag for å kunne oppfylle intensjonen i barnehagelova. Det er over ei mil mellom to av barnehagane i same barnehageeining, påpeikar Egerdal overfor Utdanning.
Når omorganiseringa er på plass, vil Utdanningsforbundet Sarpsborg sjekke resultatet opp mot lovverket og sende ein klage til fylkesmannen i Østfold dersom det viser seg at lova blir broten.
– Det er i alle fall oppmuntrande at politikarane og administrasjonen forsikrar at dei vil følgje lova, seier Egerdal.
Fungerande leiar i administrasjonsutvalet i Sarpsborg, Sindre Martinsen-Evje (Ap), meiner lova er fleksibel, og at ein difor må vente til omorganiseringa er gjennomført.
– Men kravet vårt er at organisasjonsmodellen må vere innanfor lova. Det skulle berre mangle. Dersom det ikkje skjer, skal arbeidsmiljøutvalet i kommunen ha fullmakt til å gjere naudsynte endringar, seier Martinsen-Evje til Utdanning.
Les også: – Kuttforslag er lovbrot