Illustrasjonsfoto: SXC
Det er Utdanningsdirektoratet som på sine nettsider presiserer på kva grunnlag skolane kan arrangere eller delta på gudstenester. Direktoratet ønskjer ei mest mogeleg felles handtering av dette spørsmålet som kjem kvart år.
Difor har Utdanningsdirektoratet no sendt ut eit brev til alle skolane om dette.
Sjølv om skolar altså kan arrangere skolegudsteneste, peiker direktoratet på viktige føresetnader for gjennomføringa:
at det skjer som ei realisering av generell del i læreplanen, ikkje som gjennomføring av kompetansemål i læreplanane for fag
- at det skjer i samarbeid og forståing med heimane
- at det er enkelt for heimane å forstå kva dei eventuelt skal be seg fritekne for
- at det blir gitt informasjon i så god tid at heim som ønskjer det, med rimeleg frist kan melde om fritak
- at skolen har sørga for ikkje-diskriminerande fritaksordningar eller alternativ for dei som melder fritak
- at heimen ikkje må gi ut informasjon om detaljar i eiga tru
Direktoratet skriv også at ei skolegudsteneste ikkje bør givast karakter av semesteravslutning sidan ei slik avslutning skal vere samlande for alle elevane på skolen.