Illustrasjonsfoto: Kjersti Mosbakk
Regjeringa har i Handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring 2008-2010 mål om å auke andelen menn i barnehagen til 20 prosent, ifølgje Fylkesmannen.no.
Ressurssenter for menn (REFORM) har i samarbeid med Kunnskapsdepartementet utarbeida ein rettleiar for kvotering av menn til jobb i barnehagar.
Rettleiaren informerar om og oppfordrar barnehagane til å nytte forskrift til likestillingslova om særbehandling av menn i samband med undervisning av og omsorg for barn ved tilsetting der andelen mannlege tilsette er lav.
Les meir hos Kunnskapsdepartementet