Læraren som gullgravar
Fantasi som motor for nye tankar og tiltak har hatt magre kår.

OECD-rapportar er ikkje alltid like triveleg lesnad for folk som er opptatt av skole, men den siste meldinga eg har kome over fortel at norske lærarar trivs i skolen og toppar resultatlista med stor margin til neste nasjon, Danmark, vår blide slektning i sør. Det er mange grunnar til trivsel. Samvær og samspel med elevane er ein av dei mest sentrale. Det skaper balanse mellom kvardagsgjerning som av og til nok ber preg av rutine og strev, og oppleving av suksess i kunnskap- og verdiformidling, med andre ord kjensla av å gjere godt og nyttig arbeid.

Norske lærarar forstår kor vesentleg det er å vere medmenneske, og la ungar og ungdomar oppdage at dei har sjel, og at det er det finaste dei har. Med ei slik frigjerande innstilling i botnen mobiliserer læraren sine beste eigenskapar, mellom dei sin eigen fantasi. Det gir uttelling i form av trivsel. Ein lærar som er i stand til å kapitalisere sin pedagogiske kunnskap og sitt medmenneskelege potensial i slik motivasjon for sitt virke, arbeider i medvind og har allmenn aksept for å vere oppdagar og vidareformidlar av andre evner enn dei som eine og aleine er basert på kjøleg intellekt.

Eg nemner dette spesielt sidan det faktisk går ein gullfeber over landet. Ikkje fordi noen har skaffa seg mutingsbrev eller har funne gull – det fann vi for lengst i havet der vi hentar opp den eine oljemillarden etter den andre. Men fordi vi er inne i ein temmeleg intens leiteprosess etter ubrukte evner, kort sagt talent. Gullrusjet dreiar seg om å oppdage kreativitet. Finanskrisa har fått til og med pengeeliten til å innbille seg at det må finnas menneskelege eigenskapar som ikkje er pumpa tørre av industriøkonomar og bankvesen.

Ekte blåruss vil vel ikkje ta ordet i sin munn, men eg hjelper dei gjerne med å seie at det er snakk om fantasi. Eg er altså freidig nok til å påstå at no jaktar norske næringslivskonsulentar og distriktsutbyggarar på det "vi har mellom auga". Eg trudde at det var temmeleg gammalkjent mental geografi. Etter det næringslivstrategar skriv fins det framleis uutforska felt der ein no vil grave etter gull. Uttrykket "mellom auga"er forresten fullstendig misvisande. Det er ikkje hjernekapasitet ein først og fremst leitar etter, snarare mindre fasit og analytiske intelligens, meir dristige kombinasjonar, vektlause innfall og frekt vågemot.

Endeleg får fantasien ein velfortent sjanse, naturlegvis under ei anna nemning etter tidstrenden - kreativitet. Kva er så nytt med det? Har ikkje skolen alltid premiert fantasi? Vi veit det alltid har vore lærarar som har gjort livet lysteleg for fantasispenstige ungar. Men elles må eg seie at skolen i det store og heile har eit langt synderegisterer på samvitet. Fantasi som motor for nye tankar og tiltak har hatt magre kår.

Eg lastar ikkje skolen meir enn på andre tilslipingsinstitusjonar. Det er fullt opp av slike i eit menneskeliv, jordmødrer, foreldre, besteforeldre, småbarnspedagogar, kameratflokk, nærsamfunn osb. Vi gjennomlever ei sosialiseringskvern frå fødsel til død og gjennomgår eit tilmåtingsprogram livet på langs. Frå samfunnssynspunkt behageleg og til ein viss grad nødvendig. Men ofte går det ut over den sprelske lysten til å gjere ting annleis. Ta fabelen på alvor, gi draumen venger. Etter mi oppfatning var skolen for lite aktivt innstilt på verkeleg å oppmuntre til sprelske innfall. Jamvel leiken vart strukturert av sakkunnskap og pedagogisk mønstertenkning.

Ungar som fabulerte vart korrigerte tilbake til kvardagen. Dei som likevel makta å stritte imot vart betrakta som umodne, kanskje til og med sett på som uroelement. Dei få som voks opp utan å kamuflere lysten til å sprenge trivialitet og rutine med ustyrlege impulsar og glade ord og uttrykk, vart sett på og omtala som mindre truverdige. Dei var skrønemakarar. Det var ingen rosverdig etikett å få hekta på seg, om dei ikkje kunne titulere seg som diktarar og såleis fekk armslag som frifantar i det elles velregulerte systemet. No er dei innfallsrike objekt for den høgste ros og velvilje, ja faktisk for målretta oppbakking. Den solide realismen som har prega skole, arbeidsliv og dermed daglegliv i mange generasjonar har slege sprekkar. Når det ikkje går så lett på tradisjonell skinnegang, søker ein etter andre måtar å tenke på. No spør ein etter fantasimenneske, som kan leita fram nye inntektskjelder, for det lar seg ikkje underslå at det nok er meir snakk om økonomi enn filosofi

Men det viser seg at trass i eit behov som no blir forkynt i gullkanta innfatning, er det ikkje lett å finne fram til og få tak i kreative menneske? Distrikt truga av avfolkning leitar i aust og vest etter det kreative potensiale som ein trur fins, og som ein håpar kan berge bygdene frå fråflytting. Den urbane industrien er på idéjakt, og det offentlege tiltaksapparatet prøver ukjente vegar for å berga sysselsettinga.

Det hastar og gjer at den som leitar kan bli blind for det som alt fins. I den samanheng minner eg næringslivsekspertisen på at skolen er den fornemste instans til å vite om det som er gjømt nedst i folkesjela. Reint nøkternt kan ein såleis spørje læraren korleis ein best oppuntrar oppfinnsame og fantasirike menneske – dei fins over alt utan at dei tør gi seg til kjenne. Når eg som no får stadfest at lærarane trivs i skolen, tolkar eg det som eit vitnemål om at dei har menneskeleg overskott il å gi kloke råd om samanhengen mellom fantasi og initiativ.

Korleis skaper ein romslege vilkår for kreativitet, og korleis møter ein fantasimenneske med så mye velvilje og toleranse at dei tar sjansen på å utvikle evnene sine og stå fram med dei? Eg har som føresetnad at skolen er ein kulturinstitusjon, lokalt forankra men med universelt perspektiv, som etter sitt føremål nettopp utviklar kreeativitet. Der går lærarar og elevar ikring i fri dressur utan at eg dermed antydar at inspektørteam og rektor er noen slags sirkusdireksjon. Sirkus er forresten eit fascinerande bilde. Det skal vere rom for trapeskunstnarar, akrobatar, klovnar og humørfylt publikum under kuppelen av moderne norsk fornuft.

Eg snakkar om ein kjærleg atmosfære av livslyst og ein skole med rikeleg rom for fantasi og visjon som overbygg på eit fundament av traust kunnskapsformidling, men eg vedgår at det er lett å ty til store bokstavar når ein vil tilkjennegi tiltru og entusiasme, slik eg ønsker å gjere når eg no har gjenoppdaga kor glade lærarane som yrkesgruppe er i sin arbeidsplass. Men etter mi oppfatning fortener skolen positive tilbakemeldingar. Mange har som kjent ei meining om skolen, og det blir sagt så mangt.

Ein professor i Trondheim skreiv til dømes for noen år sia ein kronikk som eg enno ikkje har latt gå i glømmeboka. Han forsvarte den late læraren, den giddeslause og saktegåande pedagogen, som ideell motvekt til dagens oppjaga tempo. Han meinte at latskap kunne balansere prestasjonspress og kunnskapsstress. I sanning ein ny vri. Eg trur ikkje Utdanningsforbundet skal flagge latskap som strategi for å få høgare lønn, meir sosial prestisje og betre arbeidsvilkår. Det var og er ein besynderleg resept for skoleverket Fekk eg korrigere professoren ville eg seie at vi treng fantasirike og arbeidsglade, iherdige og ikkje minst smittande medmenneskelege lærarar.

Det står mye om lærestoff og progresjon i faglitteraturen. Det står mye om kva det er bra å lære, godt, sunt, rett. Det står mye om prosjekt. Men lite om inspirasjon og motivasjon. Det står lite positivt om fantasi. Det står nesten ingenting om lyst til å lære, og altfor lite om korleis vi skal vedlikehalde den menneskelege kreativitet. Og det enda vi vel veit at det vi litt gammalmodig kallar fornuft er mindre dominerande enn vi er vant til å tru.

Den kreative intelligensen er underbrukt, undervurdert, og underernært. Derfor er det klokt om næringskonsulentane i dagens situasjon allierer seg med skolefolk i leiting etter talent.

Når eg trur på ein slik fruktbar dugnad er det også fordi eg er glad i uttrykket, (det er ikkje ofte eg ser det brukt i pedagogisk litteratur), at det skal vere morosamt å lære. Gleda har låg status i norsk offentlegheit og i norsk skoledebatt. Når politikarar og foreldre, for ikkje å seie lærarar, snakkar om skolen, legg dei først fjeset i bekymra falder, og blir så tungsinte rundt naserota og så sidrompa i ordvalget, at alle forstår at skolen er eit forkurs til evig pine. Dermed narrar ein seg sjøl til å glømme den allmenne gleda ved å oppleve, fabulere, skape, i sum lære.

Vi skulle hefte noe meir ved gledene, som gir oss rom for å bruke hovud og hjarte samtidig. Det er det norske lærarar i aukande grad har oppdaga og praktisert. Dei har gripe sjansen til å framstå som fantasiens våpendragarar. Slik sett syner OECD-rapporten at dei har funne gullet og kjent gleda ved å forvalte norsk kreativitet. Stort ansvar, fabelaktig utfordring!


Kommentarer:
Navn:
Tittel:
Epost:
Kommentar:
NB! Innlegget vil ikke vises med en gang. Du får en e-post fra oss når det ligger ute.
annonser annonser: