Stabilt for barnehagane
Statsbudsjettet inneheld inga vesentleg auke eller store kutt i løyvingane til barnehagar. Det er ikkje einskildelement i barnehagebudsjettet som er auka vesentleg ut over det som følgjer av volumauke og prisstiging.

Rett nok er utgiftene til barnehage auka med 12,7 prosent samanlikna med i fjor. Men det aller meste av denne auken er utløyst av at talet på barnehageplassar aukar.

Regjeringa vil etablere fleire studieplassar innanfor førskulelærarutdanninga. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med til saman 15 millionar kroner i 2009 for å styrkje satsinga på rekruttering av førskulelærarar. Det vil mellom anna bety at det kan opprettast 150 nye studieplassar innanfor førskulelærarutdanninga og 150 nye studieplassar innanfor vidareutdanning i småbarnspedagogikk på deltid.

Vidareutdanninga er eit tilbod til personar med anna pedagogisk utdanning som ønskjer å kvalifisere seg til å bli pedagogiske leiarar. I tillegg er det sett av 7,5 millionar kroner til mellom anna arbeidsplassrelatert førskulelærarutdanning for assistentar som jobbar i barnehage.

Regjeringa aukar løyvingane slik at prisen for ein heiltids barnehageplass i 2009 reelt blir redusert. Totalt er det foreslått å auke løyvingane til barnehagar med 2,7 milliardar kroner til 24,3 milliardar kroner i 2009. Det legg til rette for at 265.000 barn skal kunne ha eit barnehagetilbod ved utgangen av 2009.

Kunnskapsdepartementet budsjetterer med 2000 nye heiltidsplassar neste år. Budsjettet seier ikkje om vi med det har nådd full barnehagedekking. Men på pressekonferansen etter at budsjettet vart lagt fram ga kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell (SV) inntrykk av å vere godt nøgd med framdrifta i dei kommunane som har hatt den dårlegaste barnehagedekkinga, særleg Oslo.      

Foreldrebetalinga skal ikkje auke ut over den kronesummen som er i dag, og i budsjettet er det lagt inn kompensasjon til barnehageeigar for dette ut frå forventa prisstigning. I budsjettet heiter det at regjeringa ønskjer at kronesummen for foreldrebetaling skal vere som i 2008 fram til prisstiginga har gjort at dette svarar til 1750 kroner etter kroneverdien frå 2005.

Forslaget inneber at prisen for ein heiltids barnehageplass i 2009 blir redusert reelt med 100 kroner per månad. Det inneber vidare at staten vil dekkje kostnadene som elles ville ha falle på foreldra gjennom auka foreldrebetaling. Foreldrebetalinga for eit ordinært heiltidstilbod i 2009 vil maksimalt utgjere 2330 kroner per månad og 25.630 kroner per år.


Kommentarer:
Navn:
Tittel:
Epost:
Kommentar:
NB! Innlegget vil ikke vises med en gang. Du får en e-post fra oss når det ligger ute.
annonser annonser: