Den nye fråværsgrensa blir på 10 prosent, men lærarane får høve til å vise skjønn ved dokumentert fråvær opp til 15 prosent. Ill. foto: Erik M. Sundt

Fråværsgrensene får eit lite rom for skjønn på toppen

Elevane i vidaregåande skule får ei grense for udokumentert fråvær på 10 prosent. Rektor kan likevel bruke skjønn slik at elevar kan få karakter i faget med eit fråvær opp til 15 prosent.

Publisert

Fråværsgrensa skal tre i kraft frå skolestart i haust. Elevar som er borte meir enn det som er grensa, skal ikkje få karakter i faget.

– Desse reglane er i praksis like med det framlegget til regelverk som Utdanningsforbundet la fram i første møte om saka, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) på pressekonferansen i dag, der dei nye reglane vart presentert. I tillegg til Utdanningsforbundet stør Norsk Lektorlag og Skoleleiarforbundet det nye regelverket.

– Korleis vil de hindre at dette ikkje blir ein skulkegrense, som fortel elevane at dei ikkje treng vere på skolen meir enn nitti prosent av tida?

– Det er det største dilemmaet eg ser i dette. Eg er redd at særleg dei flinke elevane kan sjå det som ei opning for at dei ikkje treng vere på skolen meir enn reglane krev for å få karakter. Slike er det sjølvsagt ikkje. Vi understrekar at frammøteplikta i utgangspunktet er på hundre prosent. Men når Elevorganisasjonen har gått så kraftig ut mot fråværsgrense, tolkar eg det slik at dei ser på dette som ei innstramming. Difor har det vore viktig for meg å setje grensa lågt, men med rom for ei viss skjønnsmessig vurdering. Alle forstår at unge menneske kan kome i situasjonar som krev særleg omsyn for å ende godt.

– Motstandarar av ordninga har spurt korleis dei skal motivere potensielle drop-out-elevar til å halde fram på skolen når fråværet allereie er så stort at eleven ikkje vil få karakter. Kva er ditt råd?

– Å starte motivasjonsarbeidet lenge før fråværet bikkar ti til femten prosent.

– Kvifor er ikkje lærlingar omfatta av dette reglementet?

– Dei er omfatta av reglane i den verksemda dei arbeider, seier Isaksen.

 

Ønskjer einskapleg regelverk

Dei tre lærarorganisasjonane som stør framlegget, var til stades på pressekonferansen og uttrykte stor glede over framlegget. Samstundes var dei klare på at skal ordninga fungere, må skolane ha gode rutinar for å registrere alt fråvær og for å gripe inn tidleg. Dei var samde om at det er for seint å ta tak i fråværet først når det buttar grensene.

Når Utdanningsnytt spør kvifor lærarane ønskjer sentralt styrte reglar i staden for større mynde til den einskilde skole, er organisasjonane også einige. Dei understrekar at sidan reglane er knytt til karakter, må systemet vere så likt som råd frå skole til skole.

– Så er vi i tillegg svært glade for at forsking skal følgje tiltaket, og at det skal evaluerast om tre år. Vi er og glade for at det også blir sett ned eit utval som skal finne fram til viktige tiltak for å sikre at elevane kjem på skolen, sa Thom Jambak frå sentralstyret i Utdanningsforbundet. Han møtte av di leiar Steffen Handal hadde det statsråden kalla lovleg fråvær.

Lista over fråvær som er rekna som lovleg, er lang og detaljert, og ho omfattar område som helse, velferd, arbeid som tillitsvald, politisk arbeid, religiøse høgtider eller idrettsarrangement. Sjå heile lista på regjeringa sine nettsider.

 

Powered by Labrador CMS