Sterk interesse for yrkeshøgskole i Sverige

Den svenske regjeringa har nyleg løyvt pengar til 25.700 nye plassar i den svenske Yrkeshøgskolen frå hausten av. I dag går 48 000 studentar på yrkeshøgskole.

Publisert

Yrkeshøgskolen starta opp i 2009, og er raskt blitt populær.

– Men kva er ein yrkeshøgskole?

– Utdanningsnytt spør pressekontakt Kristina Granqvist

– Det er ein høgskole som gir ein sterkt praktisk retta utdanning, i nær tilknyting til arbeidslivet. Det er på ingen måte ein akademisk utdanning. Sju år etter oppstarten utgjer vi i dag ti prosent av universitet- og høgskolesektoren, seier ho.

Dei aller fleste utdanningane krev avslutta vidaregåande utdanning.

– Det dreier seg i stor grad om nisjeutdanningar, så tilbodet er svært stort og svært lite einsarta, Difor blir også kvalifiseringskrava ulike. Skal du til dømes studere til automasjonsingeniør må du ha ein del teknisk kunnskap som du ikkje treng i andre studie, seier ho.

– Kva er ein automasjonsingeniør?

– Det er kort sagt dei som arbeider med å robotisere meir av kvardag og yrkesliv. Eit svært lurt yrkesval for dei som vil vere sikker på å ha jobb i framtida, seier Kristina Granquist.

Gjennomsnittsalderen på studentane er 30 år.

– Vi er i stor grad ein skole for folk som at ulike grunnar må eller vil bytte karriere. Så vi har mange førtiåringar blant elevane, seier ho.

I avisa Dagens Nyheter les vi om faget hjelpepleiar med spesialkompetanse i velferdsteknologi. Det er ei utdanning som skal starte opp innanfor yrkeshøgskolesystemet 2017.

– Dei mest populære faga er likevel blant dei gode gamle: lokomotivførar og tannpleiar, fortel Kristina Granquist til Utdanningsnytt.

Ved opptak til det skoleåret vi nå er inne i, var det 4,7 søkjarar til kvar plass i Yrkeshøgskolen. Undervisninga blir gitt fleire stader i Sverige.

Powered by Labrador CMS