– Kommersialisering av utdanning er den største trusselen lærarar står overfor globalt

– Privatisering av utdanning i fattige land, eller såkalla "low fee privat schools", er dyrt for dei fattigaste, seier leiar i Utdanningsforbundet, Ragnhild Lied.

I neste veke kjem lærartillitsvalde frå heile verda til Ottawa i Canada for å diskutere og meisle ut utdanningspolitikk for dei neste fire åra. Hovudtema i år er kvalitet i utdanninga – «Unite for Quality Education – Better Education for a Better World». Ragnhild Lied seier til Utdanning at EI-kongressen er viktig – også for det som skjer i Noreg.

Education International (EI) representerer over 30 millionar lærarar og andre tilsette i utdanningssektoren i heile verda. Organisasjonen vart skipa i Stockholm i 1993.
Det er 26 medlemmer av styret i EI, med minst to representantar frå kvar region i verda.
EI har verdskongress kvart fjerde år. Kongressen i Ottawa er den sjuande i rekka. Den fyrste ordinære kongressen var i Harare i Zimbabwe i 1995. Utdanningsforbundet er ein av 400 medlemsorganisasjonar.

– Ja, eg meiner det. Norske styresmakter har tatt ein global leiarskap for utdanning. Education International er ein av deira nære rådgivarar.

Dei store spørsmåla

Lied deltok på den internasjonale utdanningskonferansen Oslo Summit i førre veke, og der var EI ein sentral aktør.

– Dette var eit stort internasjonalt toppmøte der politiske leiarar frå ulike land, leiarar i organisasjonar som verdsbanken, IMF, FN og ikkje minst Education international var til stades. Der la eg merke til den rolla, posisjonen og påverknaden som EI har opparbeidd seg. EI har utvikla seg til å bli det globale talerøyret for lærarprofesjonen som andre aktørar lyttar til.

– Kva er det viktigaste ved at lærartillitsvalde frå heile verda møtes kvart fjerde år?

– Eg synest det er svært viktig at representantar for lærarprofesjonen kjem saman for å diskutere dei store spørsmåla og vedta politikk som gir retning for både den globale og den nasjonale innsatsen dei neste fire åra. Det er avgjerande at tillitsvalde og lærarar drar i same retning for å kunne påverke, reversere eller endre trendar som vi finn urovekkande, som til dømes kampen mot kommersialisering av utdanning. Etter mi meining er kommersialisering av utdanning den største trusselen vi som lærarar no står overfor globalt. Privatisering av utdanning i fattige land, eller såkalla "low fee privat schools" er dyrt for dei fattigaste. Ei avgift på ein dollar om dagen fører til at familiar i beste fall berre sender eit av barna sine, som regel ein gut, på skulen, seier Lied til Utdanning. 

– Arbeidsforhold under press

– Det vil også vere utfordrande å sikre at alle barn med særskilde behov får den utdanninga dei har krav på. Arbeidsforhold for lærarane, profesjonelt handlingsrom og moglegheiter til å organisere seg, er også under sterkt press ved mange kommersielle skular. Dette er ei utvikling EI ønskjer å reversere, seier Lied.

– Hovudtema for kongressen er kvalitet i utdanninga. Kva ventar du konkret vil kome ut av diskusjonane og forslaga til vedtak?

– Spørsmålet vil bli korleis vi skal arbeide for å oppnå kvalitet, og ikkje minst kva vi ser av hindringar for å oppnå kvalitet. Eg trur at større innsats for å auke profesjonsmedvitet hos lærarar i alle land vil vere sentralt. I tillegg vil kommersialisering og privatisering av utdanning bli eit gjennomgåande tema. Kommersialisering av utdanning vil, på sikt, føre til deprofesjonalisering og mindre merksemd på kvalitet i utdanninga for alle barn og unge.

– EI vart stifta i Stockholm i 1993, kva er det viktigaste organisasjonen har utretta på globalt nivå i løpet av dei fyrste 22 åra?

– Dette er eit vanskeleg spørsmål. Verda blir stadig mindre, og det er klart at EI set dagsorden i ein del spørsmål. Samtidig veit vi at organisasjonar som OECD har stor påverknad på nasjonale styresmakter, ikkje minst i Norden. Dette har EI tatt inn over seg. EI og OECD arrangerer mellom anna ein årleg summit, ein slags global sosial dialog, der leiarar for lærarorganisasjonar og nasjonale utdanningsministrar i OECD land kjem saman til forpliktande samtalar og dialog. Dette er ein milepæl og eksisterer berre på utdanningsområdet.

– Haldis Holst er visegeneralsekretær og du sit i EI-styret i dag. Kva for posisjonar håper Utdanningsforbundet og dei andre nordiske lærarorganisasjonane å få etter kongressen i Ottawa?

– Det er tre kandidatar frå Norden som stiller til val for posisjonar til EI-styret. Det er Steffen Handal frå Utdanningsforbundet, Johanna Jaara Åstrand frå Lärarförbundet i Sverige og Dorte Lange frå Danmarks Lærerforening. Det er ikkje grunn til å tru at alle tre blir valt, så dette blir spennande. Eg stiller ikkje til attval til EI-styret, seier Lied.

Powered by Labrador CMS