Barnehage får fiske med ruser

Fiskeridirektoratet har gitt Bekkjarfisk maritime FUS barnehage dispensasjon frå forbodet mot å fiske med ruser og teiner.

Publisert

I søknaden skriv barnehagen, som ligg i Austevoll kommune i Hordaland, at dei ønskjer å fiske med ruser eller teiner etter leppefisk.

«Hovudmålet med bruk av ruser og teiner er sjølve opplevinga og spenninga av å kunne dra opp ei ruse for å studere fangsten, før me slepp den levande på sjø igjen», heiter det i søknaden.

Barnehagen fortel i søknaden at den har eit saltvatnakvarium på 2000 liter. Planen er å ta nokre leppefisk til akvariet, sjølv om de fleste skal tilbake til sjøen. Barnehagen har og ei 22 fots snekke som dei skal bruke under fiskinga. Båten heiter Bekkjavikingen.

Fiskeridirektoratet innvilga løyve utan andre vilkår enn at godkjenninga må visast fram ved kontroll.

Powered by Labrador CMS