14 prosent av kulturkronene går til kulturskoler

Norske kommunar brukte i fjor 14 prosent av kulturbudsjettet til kommunale musikk- og kulturskolar og folkebibliotek.

Kommunane brukte til saman 10,4 milliardar kroner av sine netto driftsutgifter til kulturføremål i fjor. 32 prosent av desse midlane vart brukt til idrett og 14 prosent kvar gjekk til folkebibliotek og kommunale musikk- og kulturskolar, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.

Andre kulturaktivitetar inkludert kommunale kulturbygg fekk tildelt 23 prosent av kommunane sine netto driftsutgifter til kulturføremål i året som gjekk.

Kino og musea fekk lågast del av dei kommunale kulturmidlane, høvesvis 0,6 og 3,6 prosent.

Kommunane sine netto driftsutgifter til kultursektoren i 2014 utgjorde 3,8 prosent av deira totale netto driftsutgifter i 2014. Dette var på omlag same nivå som året før.

Powered by Labrador CMS