På Lysejordet skole står rolleleik på timeplanen som eit eige fag

Leik er i læreplanar og i måldokument. Men etter årevis med fokus på læremål og fagkunnskapar har han dårlege kår, meiner mange. Lærar Emmy Haugen er ein av fleire som kjempar for leiken sin plass.

Publisert Sist oppdatert

– Velkommen til Bath hotel!

Emmy Haugen, lærar ved Lysejordet skole i Oslo, ser ut på fjorten tredjeklassingar som sit i ring på golvet framfor ho.

– Kven vil vere i resepsjonen?

To hender skyt i vêret, og Aksel og Sigurd går til eit bord fylt med pass, reisebrosjyrar og ein pengekoffert for å rigge seg til.

Tre av borna går til ei gruppe småbord og gjer seg klare til å opne restauranten. Ella tek på seg munnbind og set seg til ved dokterbordet.

På ein benk står fleire kassar med utkledingsklede: dokterfrakken, dressjakker, hattar, koffertar, vesker og ei heil mengd kostyme av ulike slag. På ti minuttar er elevgruppa omgjort til turistar, kokkar og servitørar. Nokre er dyr, og det er både dronning og prinsesse til stades.

– Då dreg alle turistane med meg til flyplassen!

Med lærar Emmy Haugen som pilot held tredjeklassingane strak kurs inn som ferierande på eit luksushotell i England.

Skulen har satsa på rolleleik, og har ei mengd utkledingsklede og rekvisittar.

7.-klassingane Nicoline Kleppe Tøsti og Oda Wibe er med som rolle-leikshjelparar. Dei tek del i leiken og hjelper til å setje i gang dei yngre elevane. Dei eldre elevane er viktige for det psykososiale miljøet, ifølgje Emmy Haugen.

Emmy leier veg ut til eit naborom: Turistane sit på rad og rekke på ein benk som fungerer som fly, medan Emmy er pilot mot hotellferien i Bath. Under seta ligg tigeren og bjørnen; også dei er klare for ferie. Den neste timen er det i denne verda leikegruppa er i, på ferie på luksushotell i Bath.

Med rett til å leike

Retten til leik er ein del av FN sin barnekonvensjon, og av læreplanen i skulen. Likevel er det mykje som tyder på at mange born saknar leik i skulen.

På Lysejordet skole står rolleleik på timeplanen som eit eige fag. Emmy Haugen har jobba med den typen leik i over tjue år, og iherdig innsats har betalt seg.

– Skulen her har satsa på dette. Me har dette rommet dedikert til leiken, med hotell og butikk og ei mengd utkledingsklede og rekvisittar. Eg får tid til å halde det ved like, i tillegg til at alle frå småtrinna har timar med rolleleik her, seier ho.

Les også: Ikke gjør barna skolemodne, gjør skolestarten barnemoden

Emmy Haugen har jobba med rolleleik sidan ho gjekk på barnevernsakademiet i 1983; i skulen sidan 2002. På Lysejordet har ho fått faste rolleleik-timar på timeplanen, og ho vekslar mellom klassane på dei fyrste trinna. I tillegg er det leikegrupper i samarbeid med Aktivitetsskolen som brukar det same rommet.

– Då eg kom frå jobb i barnehagen til skulen for tjue år sidan, tenkte eg fyrst: Hjelpes, kvar er leiken? Den får framleis for lite fokus mange stadar, seier Haugen.

Med rolleleiken har ho blitt kontakta av fleire studentar, og gjennom samarbeid med ulike forskarar, har ho blitt invitert til konferansar og møte for å fortelje. At rolleleik på timeplanen trekker til seg så mykje merksemd, kan kanskje vitne om at det ikkje er så veldig vanleg å fokusere på leiken i norske skular.

– Me må jobbe for meir leik i skulen. I tillegg blir omgrepet brukt feil, ein kallar gjerne leikeprega aktivitet for leik. Men å leike butikk i mattetimen er ikkje det. Det må også vere tid til leik på born sine premiss. Rolleleiken her er ein rammeleik, det er vaksne involvert som set nokre premiss, så er resten fritt. I motsetnad til den heilt frie leiken i friminuttet der mykje kan skje og ikkje alle er involvert. Rammeleiken må få betre kår, seier Haugen.

Les også: Hvordan integrere lek i begynneropplæringa

Då seksåringane byrja på skulen etter Reform 97, var det sagt at skulestartarane skulle få det beste frå både barnehage og skule.

– Når eg møter førskuleelevane som skal byrje på skulen året etter, seier dei nesten alltid at det dei gler seg mest til er å leike og å få seg vener. Venskap er kanskje det viktigaste ein lærer seg gjennom leiken. Om borna byrjar på skulen og ikkje får oppfylt dei forventningane dei har, er det eit dårleg utgangspunkt for motivasjonen vidare, seier Haugen.

I butikken på Lysejordet skole sit Sigurd Nielsen Haugan klar til å selje alt frå cornflakes til kakeboksar. Med hatt og dressjakka på, tel han opp korrekte vekslepengar frå kasseapparatet. Sidan det er få kundar akkurat no, har han tid til å gå ut av leiken ei lita stund.

– Dette er det kjekkaste me gjer på skulen. Me kan leike fritt, og eg skulle ønske me gjorde det meir i andre fag også, seier han.

Korleis skuledagen til dei yngste elevane i landet er bygd opp, og kva kår dei opplever, veit me eigentleg lite om.

– Dette er ikkje gjort landsomfattande undersøkingar på dette etter at seksårsreforma vart implementert. Miksen av barnehage og skule som vart lova, er også noko som ingen kunne. Ein har ikkje lært å gjere leik til ein integrert del av skulen, verken på lærarskulen eller andre stadar, seier Aslaug Andreassen Becher.

Ho er dosent ved Institutt for grunnskule- og faglærarutdanninga ved Oslo Met - storbyuniversitetet og jobbar mellom anna med leik i opplæringa. Ho fortel at fokuset på leiken etter kvart forsvann, til fordel for læremål og fagkunnskapar.

– Det blei aldri satsa på leik og kompetanseheving på det feltet. I staden blei leiken avskriven for å ikkje høyre heime i skulen. Neste læreplan fokuserte heller på lese- og skrivelæring, og bygde på ei redsle for låge leseevner. Leiken vart det berre spor igjen av i kroppsøvinga.

Becher var sjølv lærar i fyrsteklasse under 97-læreplanen. Ho fortel om mindre rom til å leike i, fleire lærarar og mindre elevgrupper. Målet om å lære å lese kom fyrst i andreklasse. Etter å ha jobba lenge ved barnehagelærarutdanninga, kom ho til grunnskuleutdanninga i 2015, og var med studentar i praksis i fyrsteklasse.

Eg fekk sjokk over korleis romma såg ut og kor mange born som var i gruppene. Nokre klasserom kunne like gjerne vore på ein vidaregåande skule. Det var ingen leikekrok, ikkje lagt til rette for rørsle. Det gjorde at eg tok fatt i det som forskar.

Med reforma Fagfornyinga frå 2020 er leiken igjen tilbake, og han vert trekt fram som ein viktig aktivitet borna skal oppleve i skulen. Med den nye lærarutdanninga skal alle bli ekspertar på byrjaropplæringa. På Oslo Met har dei no mykje fokus på leik, og dei har fagintegrering og barneorientering som sine hovudføringar.

– Det er likevel opp til den enkelte institusjonen kor mykje ein legg vekt på det, og me veit for lite om korleis det vert gjort ute i skulane. Me har gjort casestudiar som viser at både foreldre og born vert veldig overraska over kor brutal overgangen frå barnehagen kan vere, og borna saknar leik i skulen, seier Becher.

– Leik opnar «læringsdøra»

Forskinga er klar på at leik er viktig for utviklinga til born.

– Leik er viktig for utviklinga av hjernen. Hjerneforskar Per Brodal seier leik reduserer stress og opnar «læringsdøra» for born, seier Becher.

Ho fortel at ein kan snakke om tre hovudperspektiv på leik: Fri leik, som er driven av borna sjølve og som er viktig i seg sjølv. Leik i utviklingsperspektiv, som også Emmy Haugen viser til, der ein ser på at leiken gir sosiale ferdigheiter, der borna er kreative og tek nye perspektiv. Sist har ein leik i læringsperspektiv, der ein bruker den i undervisning og til dømes leikar butikk i matematikktimen, noko som skapar motivasjon.

– Skulen bør ha plass til alle desse, seier Becher.

Lite teikn til endring

Sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet, Siri Skjæveland Lode, har lenge vore opptatt av at leiken må ha plass i skulen. Ho meiner leiken treng fokus med det same.

– I faga er nok mange lærarar flinke til å bruke leik for å nå kompetansemåla. Eg er endå meir opptatt av den frie leiken. Han har dårlege kår i skulen. Ein har ikkje tid, tradisjon eller eit godt miljø for å leggje til rette for den leiken.

Lode håpar det vil gje resultat at leiken har kome inn igjen i læreplanverket, men seier at også systemet må leggje til rette for at den får plass.

– Profesjonen kan endre på litt, men systemet må leggje til rette for at ein kan gjennomføre leiken. Difor vil eg mest peike på politikarane. Alt blir målt i kompetansemål, og då er det ingenting som tilseier at ein skal bruke tid på fri leik i skulen.

Det er nemleg ikkje ein motsetnad mellom læring og leik, ifølgje ho.

– Leik gir eit av dei beste grunnlaga for læring for dei yngste elevane. Ein må ikkje sette det opp mot kvarandre. Leik er læring, ja takk til begge deler.

Vil gjere endringar

I Hurdalsplattforma står det at regjeringa vil «gi dei yngste elevane ein betre overgang frå barnehage til skule med meir aktiv og leikbasert pedagogikk det første skuleåret, tilpassa behova og utviklinga til elevane».

– Me er urolege for at mange born ikkje finn seg til rette i skulen, og at me får ei utvikling der det vert stilt krav dei ikkje kan innfri. Det snevrar inn skulen, og ein mister born og læring på vegen, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Halvard Hølleland (Ap).

Han seier han går ut ifrå at fridomen og leiken ikkje er godt nok varetatt, og at dei vil gjere skulestarten meir skånsam, med meir aktivitetar elevane kjenner igjen frå barnehagen.

Men korleis dei skal endre på dette, veit dei ikkje enno.

– Me vil følgje opp når me får resultata av evalueringa av seksårsreforma neste år, seier Hølleland.

– Har de idear til kva tiltak som kan vere aktuelle?

– Me må sjå på koplinga mellom planverket for barnehage og skule. Det handlar òg om kompetanse. Me har sett av 1,7 milliardar kroner til vidareutdanning av lærarar. Mykje har vore brukt på matematikk, norsk og engelsk. Eg trur me kan bruke det tilbodet på andre måtar, som å gjere undervisninga meir praktisk og leikbasert. Til slutt må ein sjå på regelverket for fag- og timefordeling, og kor mykje fleksibilitet ein har lokalt. Samstundes må profesjonen halde diskusjonen i gang, det er gode moglegheiter for å skape betre samhandling mellom skule og barnehage. Dette er ikkje berre eit politisk spørsmål.

– Tydelege læringsmål er viktig

Høgre var kritiske til utdanningspolitikken som vart presentert i Hurdalsplattforma.

Prinsessa (Alissa Ibragic-Romander) og dronninga (Agnes Nordhaug Brandtzæg) spaserer under ferieturen til rollespel- hotellet på Lysejordet skole. Tigeren (Herman Bleikelia Alviniussen) og bjørnen (Oskar Edner Dahl) har teke seg tid til ei lesestund.

– Me er uroa over at læring og grunnleggande ferdigheiter i skulen ikkje er det som er høgast prioritert, men heller aktivitetar som skulemat og leik, seier utdanningspolitisk talsperson i partiet, Margret Hagerup.

Hagerup meiner ein skal ha tillit til at lærarane kjem opp med dei beste undervisningsmetodane, og ynskjer ikkje at politikarane skal detaljstyre. Ho peiker samstundes på at hennar regjering sette i gang Fagfornyinga.

Ein har ikkje lært å gjere leik til ein integrert del av skulen, verken på lærarskulen eller andre stadar. Aslaug Andreassen Beche, dosent ved Oslo Met

– Der er det fokus på utforskande læring og aktivitet. Leikbasert læring er bra, fri leik og leiketimar er prøvd før, og Kunnskapsløftet var ein snuoperasjon fordi ein då såg at elevane lærte lite intensivt og strukturert. Dei som tapar mest på ein ustrukturert skulekvardag med fokus på til dømes fri leik, er dei svakaste elevane. Me må ha tydelege læringsmål, alle må lære grunnleggande ferdigheiter innan lesing, skriving og rekning. Då må ein byrje tidleg, seier ho.

Oppsummering

På Lysejordet skole har det vore show, middag og natt på hotellet. Tilbake i ein ring på golvet går borna gjennom korleis denne dagen på hotellet har vore.

– Eg syns det var veldig kjekt å gå til dokteren, Ella er ein veldig god dokter, seier Anna.

– Det var så kjekt då Sigurd sa at me skulle få popkorn! Då fekk alle litt meir leik under showet, seier nokon.

Ella og Sigurd smiler lurt, og litt stolt.

Sigurd Nielsen Haugan er både butikkmann og resepsjonist. Han syns fleire burde få leik på timeplanen.

Me er urolege for at mange born ikkje finn seg til rette i skulen, og at me får ei utvikling der det vert stilt krav dei ikkje kan innfri. Halvard Hølleland, statssekretær i Kunnskapsdepartementet

Powered by Labrador CMS