– Erfaring må òg leggjast vekt på, ikkje berre studiepoeng, seier Sylvi Reinsnos, lærar i Førde i Vestland.

No blir lærar Sylvi Reinsnos «påskilta» igjen:
– Det skulle berre mangle

Då lærar Sylvi Reinsnos første gongen høyrde at ho ikkje lenger skulle kunne undervise i matematikk, trudde ho det var ein spøk. No er ho glad for at dei skjerpa kompetansekrava ikkje skal få attendeverkande kraft.

Publisert Sist oppdatert

nRegjeringa vil foreslå at dei skjerpa krava til fagleg fordjuping for å undervise i fleire skulefag, likevel ikkje skal gjelde for lærarar som vart utdanna før 2014. Eit fleirtal i Stortinget støttar dette.

Sylvi Reinsnos i Førde er ein av dei råka lærarane som no er glade for at det ikkje blir noko av denne såkalla «avskiltinga» av lærarar med allereie godkjend utdanning.

Sjølv underviser ho i dei fleste faga på 1.–4. trinn på Flatene skule, mellom anna i matematikk, eit fag ho ikkje har dei naudsynte 30 studiepoenga for å kunne halde fram med å undervise i etter 2025. Ho har 15. No er det altså klart at dei nye krava ikkje får attendeverkande kraft.

– Eg tenkjer at det skulle berre mangle. Erfaring må òg leggjast vekt på, ikkje berre studiepoeng, seier Sylvi Reinsnos.

Ikkje tilbod om nok matematikk

Ho har vore lærar i 30 år, og då ho i si tid tok lærarutdanninga i Sogndal, var det ikkje tilbod om tilsvarande 30 studiepoeng i matematikk.

– Då ville det ha vore urettferdig å bli straffa for det no, tykkjer ho.

Sylvi Reinsnos understrekar at det er flott at lærarar har høve til å ta vidareutdanning.

– Men det er lagt opp ganske snevert. Basisfaga er viktige, men ein bør òg stole på at lærarane sjølve veit kva dei vil trenge.

Ho har sjølv opp gjennom åra oppdatert seg fagleg, mellom anna ved å ta ulike kurs.

– Men dersom eg skal ta vidareutdanning, vil eg heller velje naturfag. Det kjenner eg at eg har større behov for enn vidareutdanning i matematikk, seier Reinsnos.

Les også: Regjeringen vil doble antall videreutdanningsplasser i praktisk-estetiske fag

Fagleg tryggleik

– Har du kjent deg på gyngande grunn fagleg fordi du ikkje har 30 studiepoeng i matematikk?

– Nei. Vi har fått lærarar her med fleire studiepoeng enn eg. Men likevel spør dei meg fordi eg har erfaring og har oppdatert meg. Vi er kollegaer som jobbar tett saman og dreg i lag.

Då ho første gongen høyrde at ho ikkje lenger skulle kunne undervise i matematikk, trudde ho det var ein spøk.

– Det blei presentert som at utdanninga ikkje var gyldig lenger. Det gjer noko med sjølvtilliten. Styresmaktene sa dei ville auke statusen til lærarane. Det gjer ein ikkje ved å seie at det er ein heil gjeng som ikkje er kvalifiserte.

Allsidige på barnetrinnet

Nils Kristian Gillebo på Lillehammer er òg lærar i barneskulen, der han underviser på mellomtrinnet på Hammartun skole. Til liks med Sylvi Reinsnos tykkjer han det har vore ein uting at lærarar med allereie godkjend utdanning skulle bli omfatta av dei skjerpa kompetansekrava.

Nils Kristian Gillebo.

– Mange av oss som jobbar på barnetrinnet prøvde å få ei mest mogleg allsidig utdanning, slik at vi kunne dekke heile spekteret. Ei av føremonene med barnetrinnet er at elevane har same lærar i fleire fag, seier han.

For hans del var det òg studiepoenga i matematikk det skorta på. I staden for 30 studiepoeng, tilsvarande eit halvt års heiltidsstudium, har han 15.

– Sjølv om eg ikkje ville ha mista jobben, ville eg ikkje kunne halde fram med å undervise i matematikk, seier Gillebo, som i dag underviser i dei fleste faga, med unntak av engelsk og musikk.

Kollektiv kunnskapsheving

Nils Kristian Gillebo har 33 års erfaring som lærar. No er han 59 år, og han tenkjer difor det ikkje er aktuelt å ta vidareutdanning for sin eigen del. Men han legg vekt på at lærarar som tek vidareutdanning, bidreg til kunnskapsheving for heile lærarkollegiet.

– Dei tilfører miljøet mange nye impulsar og er flinke til å dele kompetansen med oss. I tillegg har vi hatt faggrupper i dei enkelte faga, der vi diskuterer faget og utvekslar erfaringar. Så det føregår noko heile tida, understrekar Nils Kristian Gillebo.

Han legg vekt på at pedagogisk-psykologisk teneste òg har viktig matematikk-kompetanse som er til nytte.

– Når vi til dømes har elevar med matematikk-vanskar, har vi jo folk å støtte oss på der. Så alle treng ikkje kunne alt like godt, seier han.

Nils Kristian Gillebo understrekar at ordninga med vidareutdanning er viktig og verdifull. Men han er glad for at den lærarutdanninga han har, framleis skal vere gyldig i alle faga han underviser i.

– Regjeringspartia sende ut signal om dette allereie i valkampen, så eg hadde eit håp. No er eg veldig fornøgd.

Powered by Labrador CMS