Løysinga på sidemålsfloken

I staden for såkalla «valfritt sidemål» vil eg kome med to konkrete tiltak som fungerer og har vore vellukka: tidleg start med sidemål og sidemål i andre fag enn norsk.

Sidemålsundervisinga for bokmålselevar er mange stadar lite tilstrekkeleg. Ofte skuldast det at mange lærarar ikkje har hatt anna opplæring i nynorsk enn den stundom mangelfulle undervisinga dei sjølve fekk i grunnskule og vidaregåande skule. Å lære vekk eit språk du ikkje meistrar sjølv, kan vere frustrerande, og den frustrasjonen spreier seg lett til elevane. Slikt vert det dårlege språkhaldningar av, og dårlege haldningar til eit språk gjer det vanskelegare å lære språket.

Dei aller fleste lærarar er sjølvsagt gode og kompetente fagfolk som gjer sitt beste for lære elevane begge dei to norske språka. Men i eit norskfag som er fylt til randa av noko perifere emne, er det ikkje støtt nok tid til det sentrale. Det kan dessutan vere krevjande å finne nye og betre undervisingsmåtar i ein hektisk lærarkvardag. Heldigvis kan norsklærarar i nynorsknaud vende seg til Nynorsksenteret – Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Dei har mykje godt føre seg for lærarar som vil ha tips.

Det er særleg to metodar Nynorsksenteret har forska på som ein bør merkje seg: Tidleg start med sidemål og sidemål i andre fag enn norsk. Tidleg start med sidemål byggjer på den enkle lærdommen at dei yngste lærer språk best. Jo yngre born er, jo meir mottakelege er dei for å lære språk – frie frå fordommar og fulle av lærelyst. Dette har vore testa ut i fleire fylke, og der syner det seg at bokmålselevar jamvel vert betre i bokmål av å starte tidleg med nynorsk.

Sidemål i andre fag enn norsk fungerer veldig bra på ungdomsskulen, særleg fordi tiltaket senkar terskelen for å spørje om hjelp. Då bokmålselevane på Holmlia ungdomsskole i Oslo hadde nynorske lærebøker i livssynsfaget, møtte dei nynorsken på ein arena der det ikkje var språket som var i sentrum. Det gjorde at elevane oftare spurde om hjelp når dei las eit ord dei ikkje kjende, eller ikkje fann nynorskordet dei leita etter når dei skreiv oppgåver i timane.

Sidemålsundervisinga er viktig, fordi ho sikrar at alle i Noreg lærer begge dei to norske språka våre. Det gjer at alle kan forstå og bruke begge språka. Det gjev fleirtalet tilgang til mindretalet sitt språk, og mindretalet vert sikra at dei kan bruke sitt eige språk overalt. Det gjev enkelmenneske reell fridom til å skrive det språket dei vil og gjer at det norske samfunnet tek vare på denne delen av det språk-lege mangfaldet.

Difor er det på tide at fleire skular testar ut tidleg start og sidemål i andre fag enn norsk. Det håpar eg ungdomspolitikarar frå alle parti vil vere pådrivarar for i sine kommunar. Slik kan me saman løyse opp sidemålsfloken og erstatte frustrasjon med kompetanse.

 

  • Fredrik Hope er sentralstyremedlem i Norsk Målungdom
Powered by Labrador CMS