Ragnhild Lied: «Å undervise er ei offentleg handling – vi lærarar må grunngje våre val»

Vi må vere villige til å vise fram og grunngi vår praksis, og vi må også kunne gjere det mogeleg for elevar, foreldre, andre lærarar og administrative eller politiske styresmakter å ytre kritikk. Slik utviklar vi undervisninga.

  • Ragnhild Lied er leiar i Utdanningsforbundet.

Thomas Nordahl skriv i Utdanning nr. 10 ein interessant kronikk om «Den kunnskapsbaserte læraren». Han har mange gode poeng om kor viktig kunnskap er for lærarar. Nordahl og eg er samde i mykje, sjølv om kronikken formulerer ein kritikk av min forbundskommentar om metode-fridom i Utdanning nr. 7 (pdf-lenke).

Noko av usemja kjem av at Nordahl har lese andre ting inn i min kommentar enn eg meiner å ha skrive. Men det er også reelle skilnader i våre syn på kva som er metodefridom for lærarar, og kva som er eit naudsynt kunnskapsgrunnlag for lærarar.

Mykje av det som Nordahl legg vekt på i sin kronikk, meiner eg ligg godt innanfor vår forståing av lærarar sin metodefridom. Lærarar skal vere kunnskapsrike, dei skal kjenne til forsking om undervisning og utdanning. Vi meiner at lærarar ikkje berre skal vere forskingsinformert, men at dei helst også skal ha høve til å ta del i FOU-arbeid i sin lærarpraksis.

Vi ønskjer å utvikle sterke profesjonsfellesskap av lærarar som kan diskutere eigen og andre sin praksis opp mot teori og forsking. Dette er prosessar som vil styrke læraren sitt skjønn.

Så meiner eg sjølvsagt ikkje at lærarar skal kunne velje undervisningsmetodar berre ut frå «privat synsing». Å undervise er ei offentleg handling – vi lærarar må grunngje våre val. Vi må vere villige til å vise fram og grunngi vår praksis, og vi må også kunne gjere det mogeleg for elevar, foreldre, andre lærarar og administrative eller politiske styresmakter å ytre kritikk. Slik utviklar vi undervisninga.

Men til sjuande og sist må avgjerder om handlingar blir tatt av den som underviser – altså av læraren. Grunnen er at det berre er han eller ho som kjenner heile elevgruppa og kan vere ansvarleg i møtet med dei viktigaste personane – elevane.

Det eg finn problematisk med Nordahl sitt krav om forskingsbasert undervisning, er at det kan sjå ut som om han snevrar inn forståinga av kva forsking er, og av kva som er gyldig kunnskap for lærarar. Nordahl snakkar berre om den såkalla evidensbaserte forskinga – i hovudsak forsking som reknar ut korrelasjonar mellom ulike kvantifiserbare innsatsar og resultat. Dermed ekskluderer han store deler av den danningsorienterte vitskaplege tradisjonen som utdanninga i vårt samfunn kviler på.

Nordahl koplar også verdiar ifrå kunnskapen. Han omtalar verdiar som synonymt med ideologiar. Om eg forstår han rett, er etikken eit kunnskapsfelt som ikkje har ein plass i lærarar sine refleksjonsprosessar. For ein organisasjon som har tatt eit stort ansvar for å utvikle ein profesjonsetisk plattform, er dette sjølvsagt eit umogleg standpunkt.

Nordahl polemiserer mot at lærarar skal bruke sin erfaringsbaserte kunnskap. Det er eit overraskande standpunkt. Mykje forsking om lærarutvikling viser oss at det er aktiv bruk av eigne erfaringar, i lys av teori og refleksjon, som gjer det mogleg for lærarar å endre handlingar eller å utvikle sin praksis. Å ordsette, systematisere og dele erfaringskunnskapen er ei gullgruve i alt utviklingsarbeid.

Til sist vil eg setje eit lite spørjeteikn ved Nordahl sin bruk av ein skule i Oslo som døme på at det er den forskinga han promoterar som kan skape ei god utvikling. For meg framstår det litt underleg at han er så bastant i si tru på at han veit akkurat kva som har løfta denne skulen. På Forskningsrådet sine sider kan ein finne ein artikkel om korleis eit team på fem forskarar har forsøkt å finne eit svar på kvifor elevar i Sogn og Fjordane fylke har mykje betre resultat på nasjonale prøver enn kva ein skulle forvente ut frå de føresetnadane befolkninga i fylket har. Forskarane skriv sjølve at dei har nytta både «helikopter» og «mikroskop». Dei har altså nytta svært ulike metodar – og dei har funne mange trekk ved Sogn og Fjordane som er interessante og som kan gi bidrag til resultata.

Lærarane har ei sterk stilling i fylket som elles ikkje har ein tradisjonell overklasse. Dette gjer at både lærarar og skulen blir møtt med respekt. Forskarane meiner også at elevane si meistring av to målformer kan ha noko å si for korleis dei lærer. Også andre sider ved befolkning og skule i Sogn og Fjordane blir nemnt. Men likevel konkluderer dei med at dei ikkje har funne «oppskrifta» på Sogn og Fjordane sin suksess.

Forskinga kan ikkje gje lærarar ei oppskrift på suksess i skulen – vi skal også ha ein demokratisk samtale gåande om kva som er suksess i skulen. Eg er heilt sikker på at det er meir enn resultata på nasjonale prøver som høyrer med i dette biletet. Mange former for forsking gir oss viktig kunnskap om organisering av skulen – men i møtet med eleven må lærarar framleis ha profesjonelt armslag til å velje arbeidsmåtar.

 

-------------------------------

Dette er et svar til en kronikk som Thomas Nordahl skrev i Utdanning. I kronikken skriver han blant annet at «lærere bør ikke ha full metodefrihet, forstått som frihet til selv å velge det de har tro på. Evidensbasert forskning som i dag eksisterer i et stort omfang, bør gi føringer for hvordan læreren skal undervise.»

Kronikken finner du her

 

Powered by Labrador CMS