Risikosport på doktorgradsnivå

Kvifor må pedagogikk seiast så vanskeleg? Kvifor må ein bruke så mange ord?

Kjell Arthur Rødal er lærar i skulen
Undervisning, læring, utvikling skjer i dag som det alltid har gjort, i samspel mellom den som lærer frå seg og den som lærer til seg. Slik vil det vere i framtida òg.
På Einstein si tid, i den akademiske verda, var det nettopp den professoren som fekk studentane med seg, som lukkast i formidlinga. Desse som lukkast, brukte krafta i fag og godt og tilpassa metodeval for å nå fram.  
Elevar har personlegdom. Læraren må, med forankring i kunnskap og haldning, finne form eller metode som passar dei ulike mennesketypane. 
Mange brukar eit forskarspråk for å formidle arbeidet i skulen. Grunnen til kan sjølvsagt vere varierande, men det er lett å tenkje seg at dette er politisk motivert. Sjølv har eg vore på mange forskarbaserte kurs om god undervisning, eg har ofte lurt på kvifor forelesarane ikkje praktiserer god undervisning sjølve også. Iallfall burde dei i det minste ha vedgått at undervisning har mange innfartsvegar. Dei burde å ha vore ærlege og sagt at sjølve har dei vald ein metode, og lærarane kan naturleg nok velje ein anna. Det eg har opplevd på mange kurs om god skule, er einsidig og monoton tale, lite inspirerande PP-bruk og direkte feilaktig IKT-bruk. Dersom eg skal spørje om noko, slik mine elevar gjer, så er det sjeldan tid til noko svar. Tilhøyrarane sit unaturleg stille, ingen «kastar viskelêr». Eg tilskriv mykje av denne formidlingsforma ein slags hersketeknikk for unngå motseiingar, då kan dei kome ut av sekvensen med ein lang applaus. Lærarane er svært snarklappa, eg hugsar godt den lange applausen på konferanse på Folkets hus i Oslo under innføringa av nasjonale prøver. Du så feil vi tok, eg klappa eg òg.  
Eg har kalla forskinga/meta-forskinga på skule for risikosport på doktorgradsnivå. Grunnen er at einsretting av læraryrket kan ta livet av kreativiteten, ein kreativitet som kjenneteiknar den gode læraren. Eg må stålsette meg kvar dag for å jobbe for det eg trur på, og det blir meir og meir krevjande. Når ordet forsking er nemnd 100 gonger i ein artikkel, blir eg reint sveitt. Eg lurer på kvifor ein heller ikkje lyttar til oss som er i klasserommet enn alle desse som har slutta i skulen og barnehagen og blitt såkalla «ekspertar» på utsida. Kontorbygga i Oslo er høge nok no, det er nok byråkratar, no trengst det fleire lærarar som er fysisk til stades i skulen og barnehagen.  
Vi har fått eit alt for langt forskarspann der politikarane sit på pulken og Civita held i taumane mot eit einsidig mål; å vinne testar og tilfredsstille OECD. Dette kan øydeleggje meir enn folk flest er klar over, ein aukar stressnivået hos læraren med desse sentralstyrte metodane som ein opplever at ikkje verkar. Denne stressen drep arbeidsglede og overskot, undervisninga blir dårlegare, det går ut over elevane. Då er ikkje svaret slik ein PR-rådgjevar sa på radioen: «Kommunane (arbeidsgjevarane) bør sende desse arbeidstakarane på stress-meistringskurs».
Eg er framleis lærar i skulen fordi eg meiner eg har ein misjon der. Menneskeleg og fagleg utvikling skal gå hand i hand, -det er samfunnsmandatet mitt. Det er mange som freistar å forstyrre meg, elevane gjer det aller minst, og det er nettopp desse skuleborna eg er i denne jobben for. 
Men sidan det var forsking som uroa meg denne gongen, så har eg følgjande spørsmål: Enn om framtidige forsking seier noko anna enn i dag? Kven skal stå til ansvar då? Eg er redd det blir læraren, -han er lett å ta, alle kjenner ein.
Uforstand kan skade ein elev for resten av livet, læraren må stå fjellstøtt i klasserommet og gjere grovarbeidet med tru på metode-val i dagleg samspel med kollegaer og elevar, uredd, trygg og fagleg.
Så lenge ein har med menneske å gjere; eldreomsorg, sjukepleie, barnehage, skule … så er det farvatnet som ein navigerer i, som er avgjerande for kva kurs ein vel.
Vi er ikkje på u-landsnivå i den norske skulen, slik ein tidlegare statsråd hevda. Eg vil hevde at vi tvert i mot er på verdstoppen, enn så lenge. Røynsle viser også at det er mobbe-førebyggjande å ha fokus på menneske og ikkje einsidig på resultat.
Eg skreiv røynsle fordi forsking er gyldig til ny forsking seier noko anna, det er ikkje røynsle. Ein kan ikkje feile i klasserommet. Ein kan ikkje rette opp feil ein gjorde mot ein elev inn mot neste elev.  
Det er ikkje lett å forklare metode/didaktikk for folk flest, det er heller ikkje lett å forklare for politikarane. Men eg opplever at folk flest lyttar meir til oss enn politikarane. Problemet med politikarane er at dei har lært seg å seie det same uansett kva vi seier, det verkar som om dei har lært seg ei lekse. På siste paneldebatt der eg var tilhøyrar, sa Stortingspolitikarane som var der at nasjonale prøver berre er meint til innvortes bruk for at læraren skal vite kvar elevane står fagleg (i nokre utvalde fag). Dette utsegna hadde passa betre inn på den årlege storlygarkvelden i Tresfjord i Romsdal enn på ein seriøs politikardebatt.
Eg takkar Utdanningsforbundet for at dei står på for oss.
Powered by Labrador CMS