Undervisningstilbod på kommunalt nivå eller statpedkonsultasjon?

Statpedystemet er ei leivning frå den tida da statlege spesialskolar var ein del av opplæringstilbodet.

Sidan 1976 da integreringstankegangen nedfelte seg i lovverket, har dette systemet gjennomgått mange omorganiseringar. Men er ikkje dette systemet noko avleggs i dag? Dette er da eit byråkratisk konsulentsystem. Rett nok er det mange dyktige fagfolk med spisskompetanse på ulike felt. Men lever ikkje dette systemet likevel sitt eige liv, langt frå undervisning og opplæring?

Om ressursane vart omdanna til fagstillingar på kommunalt nivå, ville det truleg kome elevar og foreldre betre til gode på grunn av nærleiken til brukaren. Den spisskompetansen det her er snakk om, finst dessutan alt i dag på kommunalt nivå, men det er stor ubalanse mellom dei ulike faggruppene innan spesialpedagogikken.

Svært byråkratiske styringsinstrument og til dels manglande fagkompetanse er diverre eit faktum på enkelte felt i det kommunale nivået. Særleg merkast dette i store kommunar som til dømes Oslo. Av 13 administrative leiarar i PPT, til dømes, er det ingen leiarar med logopedfagleg eller audiopedagogisk kompetanse. På kommunalt nivå er det heller ikkje fokus på FOU-arbeid, bortsett frå ein del einsretta merksemd og skolering rundt læringsteoretiske prinsipp og sanksjonsmetodar.

Sjølv om systemarbeid er ein viktig del av PPT sitt arbeid, er dette arbeidet lite vekta, truleg fordi det er eit nokså uklart omgrep. Osloskolen har i årevis brukt Olweus-programmet utan at dette har hatt nemneverdig effekt om ein observerer frekvensen av presenterte mobbesaker i media. Dersom ansvaret for kompetansen til statped hadde vorte overført til kommunalt nivå, kunne det dessutan medført viktig fagleg utvikling der. Fordeler som kan nemnast er kortare liner til brukargruppa og ikkje minst ei motvekt til det økonomisk administrative paradigmet som er styrt av byråkratar og kommunale politikarar.

Spesialpedagogikken vert borte når leiarar er meir opptatt av bedriftsøkonomiske prinsipp enn eit godt arbeidsmiljø for elevar og tilsette. Difor treg kommunalt nivå fleire fagfolk innan den spisskompetansen som statpedtilsette representerer, og er ottefulle skal bli borte. Dersom FOU-arbeidet i PPT var like viktig som å produsere sakkunnige rapportar på 1/3 av elevmassen, ville kanskje både lærartettleik og nærleik til brukarane ha positiv effekt? Kor mange konsulentnivå trengst forresten for å skildra same problemstilling?

Powered by Labrador CMS