UDF-leiar Steffen Handal er klar på at kontaktlærarar må få meir tid til ansvaret som følgjer med jobben.

Krev meir tid til kontaktlærarane

Tid til å vere kontaktlærar er Utdanningsforbundets viktigaste krav i årets arbeidstidsforhandlingar. Skal alle kontaktlærarar få dobla tida til jobben, vil det koste 1,2 milliardar kroner, svarar KS.

Publisert Sist oppdatert

I den gjeldande sentrale avtalen om arbeidstid i skolen skal lærarar med kontaktlæraransvar bruke 45 minutt i uka på dette arbeidet. I ein klasse på 25 elevar blir det 1,8 minutt på kvar elev.

I Tønsberg kommune i Vestfold og Telemark er kontaktlærartida sett til 60 minutt. Men det er også altfor lite tid, ifølgje Kjetil Stokness, leiar for Utdanningsforbundet Tønsberg, og Monika Aafos, hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet Tønsberg.

Dei viser til tilbakemeldingar frå medlemmane.

– Særleg det å følgje opp elevar og familiar med særlege behov tar mye tid, konstaterer Stokness.

– Vil ikkje ofte barn som treng noe ekstra få timar med assistent?

– Jo, men assistenten kan ikkje ta den vanskelege samtalen med familien eller halde kontakt med andre institusjonar rundt eleven. Det må kontaktlæraren gjere. Læraren har det sosialpedagogiske ansvaret, seier han.

– Kontaktlæraren får stadig fleire nye oppgåver. Men ingen av dei gamle oppgåvene blir tatt bort, supplerer Monika Aafos.

Vegrar seg

Kjetil Stokness kjenner til at lærarar ofte vegrar seg for å ta på seg kontaktlæraroppgåva.

– Men da er det fleire døme på at dei er beordra til oppgåva, seier han.

Minstesatsen for kontaktlæraransvaret er 12.000 kroner i året, men summen varierer. I nokre kommunar er godtgjersla på over 30.000 kroner.

I Tønsberg er godtgjersla 12.000 for opp til 10 elevar. Aukar gruppa opp til 25 elevar, får kontaktlæraren 1500 kroner meir per elev. For over 25 elevar er godtgjersla på 2000 kroner per elev. Taket for kontaktlærargodtgjersle i Tønsberg er på 44.500.

Kontaktlæraren er avgjerande

Tirsdag gjekk startskuddet for arbeidstidsforhandlingane mellom lærerorganisasjonane og KS. Eit av dei viktigaste krava frå Utdanningsforbundet si side er nettopp auka tid til å vere kontaktlærar.

− Vårt viktigaste krav er ein reduksjon i kontaktlærarane sine årsrammer for undervisning, seier leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal i ei pressemelding.

− For mange lærarar er det overhodet ikkje samsvar mellom omfanget av oppgåver og tida dei har til å utføre dei. Tida som er avsett til kontaktlærarfunksjonen i arbeidstidsavtalen, har vært uendra i fleire tiår - sjølv om oppgåvane, også dei lovpålagde, er blitt stadig fleire og meir krevjande, påpeiker han.

Då Parr-utvalet la fram sin rapport «Skolen etter koronapandemien» i juni, var auka tid til kontaktlærarjobben eit av tiltaka dei tilrådde.

«Kontaktlæraren er avgjerande for å oppdage og følgje opp barn som treng ekstra støtte, og har ein viktig rolle for å få det tverrfaglege arbeidet rundt eleven til å fungere», heiter det mellom anna i rapporten.

Arbeidsgruppa anbefalte at skoleeigar allereie denne hausten prioriterer auka tid til kontaktlærarrollen. Vidare foreslår gruppa at det på lengre sikt vert bevilga meir midlar for å gje kontaktlærarane meir tid.

Les også: Ikke rør lærernes frihet, KS

1,2 milliardar kroner

I sitt tilbod til forhandlingane som pågår skriv også KS at dei ynskjer å styrke laget rundt elevane. Der heter det at «kontaktlærarfunksjonen er svært viktig for tett og god oppfølging av elevar, og den har blitt meir omfattende dei siste 20 åra.»

Men KS presiserer at dagens avtale ikkje tar høgde for at det er forskjell på å vere kontaktlærar for få eller mange elevar. Dei har regna ut at dersom ein reduserer kravet om undervisning for alle kontaktlærarar med ytterlegare ein time per veke, vil det koste minst 1,2 milliardar kroner per år. Ifølgje KS vil det også føre til at om lag 1650 årsverk må erstattas.

«Ein eventuell aukning av ressurser til kontaktlærarar i arbeidstidsavtalen må målrettast og avspeile den enkelte kontaktlærars arbeidsbelastning», skriv KS.

Forhandlingane om arbeidstid skal etter planen vere ferdige 13. desember.

Powered by Labrador CMS