Undervisningsinspektør Hege Byberg Klingsheim og kontaktlærar Inger Marie Ingvaldstad ved Dysjaland skule i Sola kommune meiner orda vi bruker gjer at forskjellane mellom skole og barnehage framstår som større enn dei eigentleg er.

– Barnehagens samlingsstund heter norsktime på skolen

– Er forskjellen mellom skole og barnehage så stor som mange vil ha det til? spør lærar Inger Marie Ingvaldsen og inspektør Hege Byberg Klingsheim ved Dysjaland skule i Sola i Rogaland.

Publisert Sist oppdatert

Inger Marie skal ta imot sine første førsteklassingar i august. Hege har solid erfaring med dei minste skolebarna. Båe vil gjerne diskutere skilnaden mellom skole og barnehage. Er det meir som er likt enn det vi umiddebart trur?

– Namna på aktivitetane er ulike, vedgår Inger Marie.

– Men kor ulikt er innhaldet? Både i barnehage og skule leikar barna butikk. Og i barnehagen seier dei at det er det barna gjer, leiker butikk. i skolen kallar vi det matematikk, seier ho.

– I barnehagen har dei samlingsstund, i skolen har vi norsktime. Det vi gjer i desse stundene eller timane er ganske likt, supplerer Hege.

Båe viser til korleis klasseromma for dei yngste er innreidd.

Endrer slik leiken krev

– Her har det skjedd endringar dei siste åra. I dag har vi rom som er mye meir fleksible enn vi hadde før. Dei er lettare å endre slik leiken til ein kvar tid krev, seier Hege.

Les også: Overgangsvinduet mellom ungdomsskole og videregående er fullt av muligheter

Læring gjennom leik, undring og utforsking, samhandling og samtaler, blant anna, skal bidra til å fremje læring og utvikle kompetanse, understrekar ho.

– Men sjølvsagt er det skilnadar. Barnehagen har sin rammeplan, skolen har sin læreplan med kompetansemål, held ho fram.

– Uansett, mi oppgåve er å lære seksåringane kva ein timeplan er, og kva som skjuler seg bak ord som norsk og matte, seier Inger Marie.

– Og det skal eg greie, når eg har fått 21 barn til å bli ei gruppe der alle er heilt trygge i skolekvardagen. Det aller viktigaste med overgangen er å sikre at barna er trygge. Og jo større utfordringar barna har av på ulikt is, jo viktigare er det, konstaterer ho.

– Dei fleste ungane ser fram til å begynne på skolen. Men det er dei som av ulike grunnar ikkje gjer det, og dei må vi naturlegvis ta særleg omsyn til, seier Hege.

Tett kontakt

Sola kommune har i år ein splitter ny plan for overgangen mellom barnehage og skole. Planen legg opp til mange og omfattande tiltak. Skolestartarane kjem på besøk til skole og SFO ved fleire høve gjennom det siste barnehageåret.

Les også: På tide med lekeløft i første klasse

Dei er med på fellessamlingar på skolen og dei et lunsj på SFO, blant anna. Og ikkje berre ein gong, men mange! Kontakten mellom skolestartarane og fadderane deira startar og tidleg, både med treff og brev.

Kommunen har dessutan peikt ut spesielle spel, bøker og songar til å vere det dei kallar «overgangsobjekt». Barna skal bli kjent med desse aktivitetane i barnehagen, og halde fram med dei same spela og dei samen songane på skolen.

Det er viktig at dette gjeld for heile kommunen. For skolestartarane frå ein barnehage kan begynne på ulike skolar.

Likevel har kvar barnehage berre ein skole dei samarbeider med. Om kvar barnehage skulle samarbeidd med ulike skolar hadde det blitt for komplisert, er ein kome fram til Tanken er at sjølv om skolen barnet ikkje er kjent på skolen der det skal begynne, så er innhaldet og rutinane kjent.

– Det er kome uro over at eldre elevar i dag ikkje er gode i djuplæring. Sjølv dei som har vore kjappe til å knekke lesekoden kan dei ha vanskar med å lese lange tekster. Bør ein gjere noe for å hindre dette alt i overgangen mellom barnehage og skole?

– Både i barnehagen og i de yngste klassane har høgtlesing og forteljing av lange historiar hatt ein viktig plass. Det er eit viktig bidrag for å leggja til rette for at elevane utvikler gode lesestrategier og kan bli kritiske lesare og orientera seg i tekst seier Inger Marie, og får støtte frå Hege.

Powered by Labrador CMS