Lektorstudentane er superglupe

Kvar fjerde lektorstudent har eit karaktersnitt frå vidaregåande på over fem.

Publisert Sist oppdatert

Likevel er det under halvparten av dei som begynner på studiet, som er lektorar fem år etter.

89 prosent av dei aktive studentane som starta ved dei integrerte lektorprogramma mellom 2013 og 2019, har over fire i karakterpoeng frå vidaregåande skole. 26 prosent hadde over fem.

Dette gjeld for dei av studentane som gjennomførte eller framleis er aktive studentar. Dei har eit karaktersnitt på 4,7. Dei studentane som slutta på studiet utan å fullføre, hadde eit karaktersnitt på 4,5.

Det er rapporten Evaluering av lektorutdanningene frå Nokut som viser dette. 1783 av 3951 aktuelle svarte på spørsmåla i undersøkinga.

Lektorstudentane på karaktertoppen

I fjor var gjennomsnittskarakteren for nye lektorstudentar 4,63. Det er det høgaste som er registrert. I 2007 var snittet på 4,38, og det har auka kvart år sidan. Dette finn vi i rapporten "Gjennomsnittlige opptak for søkere"

Til samanlikning var karaktersnittet for allmennlærarar i fjor 4,42. Det er også det høgaste talet sidan 2007. Men her har utviklinga vore meir opp og ned. Det lågaste talet var 4,16 i 2011.

Karaktersnittet for barnehagelærarutdanninga var 3,63 i fjor og 3,66 i 2007. Her er 2008 «beste» året med 3,68, og 2019 «dårlegaste» året med 3,55. Desse statistikkane måler berre karakteren til dei som begynner studiet, dei tek ikkje omsyn til kven som gjennomfører eller ikkje.

Mange sluttar

Likevel har undersøkingar vist at det er mange skjer i sjøen for lektorstudentane. Det kjem fram i Nokuts spørreundersøking blant fråfalne lektorstudentar mellom 2013 og 2019. 791 av dei 2469 i denne situasjonen svarte på undersøkinga.

30 prosent av dei som starta i denne perioden slutta på studiet utan å vere ferdige. Dette er eit uvanleg høgt tal for eit studium med så høge inntakskrav, ifølgje Peter Brandstrup, informasjonsmedarbeidar i Nokut.

Undersøkinga viser at det er tilhøve både i og utafor studiet som er årsaken til at studentane ikkje fullfører. Mange kryssar av for at dei ville gå over til andre studium og at dei hadde mista motivasjonen for å arbeide i skolen. At studiet er for dårleg organisert reint praktisk var og viktig for mange.

-Så vi veit at tilhøve både i og utafor studiet er viktige. Men vi har vi ikkje eit eintydig og konkret bilde av kva desse tilhøva er, seier. Peter Brandstrup.

Tar ikkje anna lærarutdanning

64 prosent av dei som sluttar, begynner på ei anna utdanning. Mange av desse igjen studerer fag dei har hatt i lektorutdanninga. Men få av dei som held fram med utdanning, går over i anna lærarutdanning. Blant dei som ikkje har starta opp ny utdanning, gir fleire inntrykk av at tanken på ei lærarframtid ikkje er utelukka.

Talet på dei som fullfører på lengre tid enn normert er også på 30 prosent.

Vil ha god jobb

Dei som fullfører, er godt nøgde med studia, viser undersøkinga. Dei er nøgde med både studia og praksis, sjølv om dei konstaterte at arbeidsmengda til tider kunne vere stor.

Undersøkinga konkluderer med at lektorstudentane som fullførte, er godt motiverte til å arbeide i skolen. Gode sjansar til gode jobbar er ein viktig del av motivasjonen, saman med fagleg interesse, lyst til å lære bort og å bidra til samfunnet. Lange feriar kom langt ned på lista over forhold som motiverte, men fleire hadde det likevel med.

Ein sa det slik: Han visste kva for fag han ville studere. Men karakterkravet for å kome inn var høgare på lektorstudiet enn på einskildfaget. Og sidan han hadde arbeidd hardt for gode karakterar, meinte han at han fekk mest igjen for innsatsen ved å ta integrert lektorutdanning.

Powered by Labrador CMS