Utdanning,
Hausmanns gt. 17
PB 9191 Grønland,
0134 Oslo.

Tlf. +47 24 14 20 00
redaksjonen@utdanningsnytt.no

Ansvarlig redaktør:
Knut Hovland

Nettredaktør:
Paal M. Svendsen

Utgiver:
Utdanningsforbundet

Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet. © Utdanning.
Utdanning er medlem i
Den Norske Fagpresses Forening, og arbeider etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk.

Utdanning i sosiale medier:

facebook.com/utdanningsnytt

twitter.com/utdanningsnytt

 

Tidsskriftene som eblad

 

 

 

Når folkemålet er blitt sidemål
Mykje har blitt sagt og skrive, både klokt og ukunnig om den såkalla sidemålsstilen, underforstått nynorsken.

Og når lærarar, eller dei som steller med utdanning, trur at ungdomen skal bli betre i nynorsk ved å sleppe skriftleg eksamen i faget, må ein verkeleg stille spørsmål ved den pedagogiske kompetansen

Eg er kjent med at mange som underviser i faget norsk, slett ikkje kjenner vårt eige norske folkemål, nynorsken, og underviser i det som om det skulle vere eit framandspråk. Og når den sosiale slagsida overfor nynorsken kjem i tillegg, skjønar ein det kan bli vanskeleg å motivere elevane i faget.

Den psykologiske og pedagogiske hovudregelen for god læring er alltid å ta utgangspunkt i det nære og kjente, og så gå vidare til det ukjente. Og som språkforskarane hevdar, ligg dei aller fleste tradisjonelle dialektane i landet vårt, også i byane, nærare nynorsk enn bokmål. Det er då også naturleg sidan nynorsken er tufta på fellesskapen i talemålsvariantane. Bokmålet har røtene i dansk skriftspråk og harmonerer dårleg med norsk tradisjonelt talemål.

Åse Gruda Skar, kjend barnepsykolog og pedagog, skreiv for nokre år sidan: Når borna får den første  lese- og skriveopplæringa på bokmål, blir dei alt i starten "språkleg vengklipte. Straks dei får pennen i handa, tenkjer dei bokmål". Når dei seinare etter nokre år skal lære nynorsk, kjennest det språket framant sjølv om talemålet ligg svært nær.  Dei borna som får nynorsk som førstespråk, får ei naturleg språkutvikling ut frå det kjente, og har lettare for å gå vidare til sidemål og andre språk. Grunnskulerådet som me hadde for nokre år sidan, sende kvart år skriv til kommunane om at det var naturleg at nynorskelevane ved grunnskuleeksamen låg ein del over bokmålselevane i faget norsk.

Dette må vel vere noko å tenkje på for Utdanningsrådet og for Elisabeth Aspaker og Truls Kjellesvig.

Det er også grunn til å stille spørsmål ved at ein opererer med nemningane hovudmål og sidemål når dei to off. språka etter lova skal vere likestilte.


Kommentarer:
Stadig nye ofre - i sidemålsdebatten!
"Når borna får den første lese- og skriveopplæringa på bokmål, blir dei alt i starten "språkleg vengklipte."" Dette blir altså norske skolebarn utsatt for - av sine EGNE foreldre? For valg av målform i skolen er jo noe som gjøres i kommunene og skolekretsene. Og denne gruppa "språklige overgripere" finner du blant ca. 85 % av norske foreldre. Ikke bra! Hvor er barneombudet?
Fullt navn:
Overskrift:
Epost:
Kommentar:
Verifikasjon:
NB! Innlegget vil ikke vises med en gang. Du får en e-post fra oss når det ligger ute.
       Vi publiserer kun innlegg som er sendt inn med fullt navn

Utdanning på Facebook

annonser annonser: